Gå til sidens hovedinnhold

FHI ber kommunar avbestille vaksinar for å fristille fleire tusen dosar

Kommunar som har for mange vaksinedosar, blir bedne om å avbestille vaksinar for dose to. Tusenvis av dosar blir dermed fristilte dei neste vekene, ifølge FHI.

13 kommunar har allereie takka nei til andre dose, opplyser direktør Camilla Stoltenberg i Folkehelseinstituttet til NRK.

Etter kvart som kommunane blir ferdige med å setje dose éin, må dei avbestille alle nye dosar dei neste vekene.

– Dermed kan fleire tusen dosar fristillast dei neste vekene og omdisponerast til kommunar som ikkje har vore prioritert til no, seier Stoltenberg.

Kommunane som har avbestilt andre dose er: Lier, Sarpsborg, Drammen, Indre Østfold, Råde, Ullensaker, Nordre Follo, Eidsvoll, Enebakk, Fredrikstad, Lørenskog og Moss.

(©NPK)

Les også

FHI-direktør ber folk gripe vaksinesjansen

Les også

Folk flyttar vaksinedato til etter ferien. No vurderer Sunnfjord kommune drop-in

Les også

Festival-suksess i koronaåret: – Vi selde ut 13 konsertar!

Kommentarer til denne saken