Gå til sidens hovedinnhold

FHI ber kommunane leggje til rette for vaksinasjon av sjøfolk

Sjøfolk som gruppe skal ikkje bli gitt fortrinn i vaksinekøen, men FHI ber kommunane gjere tilpassingar som sikrar yrkesgruppa vaksine så fort som mogleg.

I eit informasjonsbrev tysdag, ber Folkehelseinstituttet kommunane i landet om å opne for at sjøfolk kan bli gitt vaksinar noko tidlegare, eller med kortare intervall, slik at det passar med tida dei er i land.

Norsk Sjøoffisersforbund har lenge jobba opp mot styresmaktene for å få i stand ei ordning for å vaksinere sjøfolk som passar med dei spesielle arbeidsmønstera deira.

– Denne dialogen gjorde det heldigvis mogleg å få til ei løysing som sikrar sjøfolk tilgang til vaksinasjon på friturane sine, seier Syver Grepstad i forbundet.

Han seier at mange sjøfolk har vore bekymra for forseinking i vaksinasjonen.

(©NPK)

Kommentarer til denne saken