FHI avviste forslag om lokaltilpassa koronatiltak

Folkehelseinstitutt-direktør Camilla Stoltenberg meiner det er urealistisk å ha lokaltilpassa smitteverntiltak. Her fotografert saman med helsedirektør Bjørn Guldvog på ein pressekonferanse 13. mars.

Folkehelseinstitutt-direktør Camilla Stoltenberg meiner det er urealistisk å ha lokaltilpassa smitteverntiltak. Her fotografert saman med helsedirektør Bjørn Guldvog på ein pressekonferanse 13. mars. Foto:

Av

Ei gruppe i Helsedirektoratet foreslo at delar av landet kunne gå over til normal drift, fordi det er lite koronasmitte der. Det vart avvist av FHI-direktøren.

DEL

Eit notat utarbeidd av ei intern gruppe i Helsedirektoratet viser at forslag om geografisk ulike tiltak vart diskuterte av helsestyresmaktene allereie i byrjinga av april. Det er Dagens Næringsliv som har omtala notatet.

– Så langt har Noreg altså klart å hindre epidemien å kome til delar av landet og klart å stoppe spreiinga i delar av landet, medan det framleis står att ein del arbeid nokon stader. Dette gir grunnlag for å differensiere tiltaka geografisk. Slik kan meir og meir av landet gå over til tilnærma normal drift, heiter det her.

For å få det til måtte likevel kommunane halde styr på smittespreiinga, mellom anna reproduksjonstalet (kor mange personar som blir smitta av éin smitta person) og talet på smitta per 1.000 innbyggjarar siste fire veker.

– FHI meiner at forslaget som no ligg føre frå Hdir om konkretisering av tiltak, verken er realistisk eller ønskjeleg, skreiv direktør Camilla Stoltenberg i Folkehelseinstituttet (FHI) i ein e-post til helsedirektør Bjørn Guldvog 5. april.

Regjeringa har halde fast ved at dei ønskjer mest mogleg like tiltak over heile landet, medan opposisjonen på Stortinget har teke til orde for at områda med minst smitte bør få opne opp raskare. Oslo og Viken har vore hardast ramma av Covid-19-epidemien.

Artikkeltags