FHI: 2.132 personar stadfesta smitta av koronaviruset i Noreg

Av
DEL

2.132 personar er stadfesta smitta av koronaviruset i Noreg, 206 det siste døgnet, viser tal frå Folkehelseinstituttet søndag.

54.393 personar er testa i Noreg.

Av dei stadfesta tilfella er 1.014 personar smitta i Noreg, medan 915 personar har vorte smitta utanlands. For 203 er smittestad under avklaring.

Av dei som er smitta i Noreg, har 532 vore nærkontaktar av eit kjent smitta tilfelle, medan 449 har ikkje kjent smitteveg og 33 er under avklaring.

169 personar smitta med koronavirus er innlagde på sjukehus. Blant desse fekk 32 behandling i respirator, ifølgje Helsedirektoratet.

(©NPK)

Artikkeltags