FHI: 1.926 stadfesta koronasmitta i Noreg – 183 nye tilfelle siste døgn

Av
DEL

I alt 1.926 personar er no stadfesta smitta med koronaviruset i Noreg. Det siste døgnet er det stadfesta 183 nye tilfelle. 130 personar er innlagde på sjukehus.

Det er ned frå 135 innlagde pasientar dagen før, ifølgje tal frå Folkehelseinstituttet.

Totalt er 33 personar innlagde eller har vore innlagde på intensivavdelingar.

49.451 personar i Noreg har no vorte testa for viruset.

891 personar vorte smitta i Noreg, medan 892 personar har vorte smitta utanlands. For 143 personar er smittestaden under avklaring.

Av dei som vart smitta i Noreg, har 455 personar vore i kontakt med eit kjent smittetilfelle, medan det er uklart korleis 408 personar har vorte smitta. Smittestad for 28 personar er framleis under avklaring.

Gjennomsnittsalderen for dei stadfesta smittetilfella er 47,1 år. 44,7 prosent er kvinner, medan 55,3 prosent er menn.

Flest smitta er det i aldersgruppa 50–59 år, med 482 personar. 14 personar opp til ni år er smitta, som er det lågaste talet blant aldersgruppene.

Totalt sju smitta personar har døydd i Noreg.

Artikkeltags