Eplejuice i glaset, eller?

MALAKOFF: Det var tett med både ølglas og veivande hender på første rad under festivalen.

MALAKOFF: Det var tett med både ølglas og veivande hender på første rad under festivalen. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

KULTUR: Gamal nok til å vere på festivalcampen, men for ung til å lovleg drikke alkohol. Korleis er det eigentleg å vere 17 år på rockefestival?

DEL

Det er litt merkeleg å vere på ein camp der alt handlar om å drikke, utan å få lov å drikke sjølv, seier Hedda Askheim (17).

Saman med søskenbarn Sandra Naustdal (17) er ho på Malakoff rockefestival som ein av dei mange festivaldeltakarane som er gamle nok til å vere på campen, som har seksten års aldersgrense, men ikkje gammal nok til å drikke alkohol.

I år har jentene valt å sove heime, og seier dei heller søv på campen neste år, etter at dei er fylt 18.

– Då får vi oppleve heile pakken med festivallivet, og det ser eg fram til. Eg likar festivallivet, det verkar gøy å berre vere her med mykje kjentfolk og gå på konsertar, gå med artige antrekk, dra ut og bade om morgonen og alt det der!

Lett å skaffe alkohol

Sjølv drikk dei ikkje, men dei er klar over at det er veldig lett å få tak i alkohol viss dei vil.

– I stad sat vi åleine under eit tre, og plutseleg kom det ein 23-åring bort til oss og begynte å snakke med oss, for så å tilby oss alkohol. Så viss foreldre er redde for alkohol, så skjønnar eg viss dei er skeptiske til å sende ungane på festival. Men for min del tenker eg at det går an å ha det moro også utan å drikke, seier Hedda.

NYT FESTIVALLIVET: Hedde Askheim (17) og Sandra Naustdal (17) likar festivallivet, men vel å vente til dei er atten før dei overnattar på campen.

NYT FESTIVALLIVET: Hedde Askheim (17) og Sandra Naustdal (17) likar festivallivet, men vel å vente til dei er atten før dei overnattar på campen. Foto:

Dei fleste ungdommar har venner i forskjellige aldersgrupper. Til vanleg har ikkje aldersforskjellar mykje å seie, men med alkoholgrensa vert avstanden i alder veldig synleg. Dette merker Anne Bjørg Ryssdalsnes Dombestein (17).

Splitta av aldersfordelinga

– Eg er her med ei større gruppe venner, der fleire av dei er over atten. Gjengen blir stadig vekk splitta viss dei andre ikkje gidd å vere med oss på under 18-området framfor scenene, så det er no kjipt. Dessutan er det mykje meir liv i 18 pluss-seksjonen, hehe!

Men at det også er mange mindreårige som drikk er openbert. Anten dei har lånt +18 armband frå nokon andre, eller tatt med drikke utanfrå, er det mange unge fjes i usedvanleg godt humør å sjå på festivalcampen. Firda har snakka med nokre av dei, som ikkje ønsker å stå fram med namn.

HAKUNA MATOMA: Jentene klarte å kapre seg detta flagget frå Matoma-konserten. F.v. Anne Bjørg Ryssdalsnes Dombestein (17), Annika Solheim (17) og Mia Kristine Sunde (17).

HAKUNA MATOMA: Jentene klarte å kapre seg detta flagget frå Matoma-konserten. F.v. Anne Bjørg Ryssdalsnes Dombestein (17), Annika Solheim (17) og Mia Kristine Sunde (17). Foto:

– Foreldra mine veit ikkje at eg drikk, seier ei.

Andre er meir opne med foreldra om alkoholbruken, og har fått ei viss løyve av dei.

– Så lenge eg er ærleg om det og dei veit kor eg er, så er det greitt for dei. Men dei veit kanskje ikkje kva eg drikk, eg seier berre at eg berre drikk «litt», fortel ein anna ungdom med eit små-skyldig smil om munnen.

Nokre av dei har opplevd drikkepress frå eldre festivalgåarar. Samtidig er det andre som fortel at dei nesten vert sett ned på av dei over atten, når dei nyt alkohol som mindreårig.

– Eg synest det blir litt teit, dei har jo sjølv opplevd det å ikkje vere gammal nok! Men sjølv om dei berre er eit halvt år eldre enn oss, så vert dei plutseleg veldig tøffe og skal snakke nedsettande om oss! seier ein smårusa syttenåring.

God stemning var det uansett...!

Artikkeltags