Tanya Tucker kjem til Breim i sommar

COUNTRYSTJERNE: Den kjende country-artisten Tanya Tucker kjem for å spele på neste års countrytreff på Breim.

COUNTRYSTJERNE: Den kjende country-artisten Tanya Tucker kjem for å spele på neste års countrytreff på Breim. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

KULTUR: Tanya Tucker, Vassendgutane og Get Rhythm kjem til Norsk Countrytreff til sommaren.

DEL

– Tanya Tucker slo igjennom som 13-åring i 1972 med sin kanskje største hit «Delta Dawn». Ho gjekk rett inn på A-laget blant amerikanske countryartistar – og blei der, skriv Norsk Countrytreff i ei pressemelding.

Tucker er òg kjend for låtar som Texas (When i die), Blood Red and Going Down, What's Your Mama's name og Child.

– Med ni Grammy-nominasjonar, 24 albumutgjevingar, to livealbum og fast inventar i alt av lastebilar og anleggsmaskinar i fleire tiår, er det ei sann glede å få presentere Tanya Tucker for publikum på Norsk countrytreff 2018, skriv dei i pressemeldinga.

Vassendgutane avsluttar

Tradisjonen tru er det festcountrybandet Vassendgutane som avsluttar fredagskvelden på treffet.

Ørsta-bandet slepper sitt siste album seint i mai 2018, og på konserten vil publikum få servert heile albumet live på Hesjestauren, melder Countrytreffet.

AVSLUTTAR: Også i 2018 vil det vere festcountrybandet Vassendgutane som speler fredagskveldens siste konsert.

AVSLUTTAR: Også i 2018 vil det vere festcountrybandet Vassendgutane som speler fredagskveldens siste konsert. Foto:

Sjå bildeseria vår frå fjorårets treff her.

Norsk nykommar kjem att

Det norske bandet Get Rhythm er inspirert av Johnny Cash, og starta opp i 2015. I fjor spelte dei på countrytreffet, og no kjem dei tilbake.

– Ein snakkar om ein ung gjeng musikalske stjerneskot som trakterer nestor Johnny Cash som om dei var kloningar av sjefen sjølv, skriv Countrytreffet om dei unge artistane.

Ifølge festivalen sjølv hadde dei ikkje noko anna val enn å hente inn att bandet, som dei meiner leverte «eit fyrverkeri av ei konsertoppleving» på fjorårets treff.

Artikkeltags