Gå til sidens hovedinnhold

Var russ og ville lage rockefestival

I 2003 tok tre lokale ungdommar initiativet om å lage ein rockefestival på Nordfjordeid. I helga ventar den same festivalen, Malakoff, om lag 20.000 tilskodarar.

Artikkelen er over 6 år gammel

I dag startar festivalen Malakoff på Nordfjordeid igjen. Det er 12 år sidan første gong den vart arrangert.

Året var 2003:

– Vi var russ det året, Ottar og eg. Så spelte vi i eit band og hadde lyst til å skape litt liv og røre i bygda. Vi syntest det var litt treigt heime på Eid, seier Anne-Joril Haugland.

Ho, og brørne Ottar og Rune Schanke Eikum (toppfoto) var hjernane bak heile festivalen. Hadde ikkje dei vore sterkt inspirert av Roskilde og andre festivalar, så hadde nok aldri Malakoff, som samlar tusenvis av folk kvart einaste år, vore ein realitet i dag.

Blod på tann

I tillegg til å skape festlegheitar, var også målet å samle inn pengar til Eid Rock-klubb, så dei kunne få betre lokale å spele i.

– Det klarte vi jo faktisk også, sidan gymmen vart pussa opp, seier Anne-Joril.

Dei tre ungdommane starta planlegginga av festivalen i mai 2003. Knappe tre månadar seinare, i august, heldt dei den første rockefestivalen på Nordfjordeid.

– Vi hadde ufatteleg dårleg tid, og var heilt desperate etter både sponsorar og frivillige, seier ho.

Dei gjekk frå butikk til butikk, og spurte om dei ville vere med å sponse ein rockefestival.

– Vi fekk ein tusenlapp her og ein femhundrelapp der. Men generelt vart vi møtt med skepsis frå alle kantar, både av politi og andre, seier Anne-Joril, og legg til at «dei var jo russ.»

Men sjølv med ei tynn lommebok og skeptiske bygdefolk, klarte dei å skrape saman nokre kroner, slik at draumen om festival kunne bli sann.

– Vi byrja å booke lokale band med utvandra Eidarar. Så fekk vi blod på tann og booka nasjonale band også, seier Anne-Joril.

Første året stod større band, som Surferosa, Lukestar og Richochets på scena, og til saman drog dei om lag 650 tilskodarar til den vesle bygda. Planen var også at dei skulle spele sjølv, men det fekk dei rett og slett ikkje tid til.

Med til 2008

Året etter dobla talet på publikum seg. Og arrangementet fekk 50.000 kroner til støtte av Eid kommune. Eit par år seinare vart festivalen kåra til Årets festival av Norsk rockeforbund, og vart så ei etablert elevbedrift på Eid Vidaregåande skule.

– Det er altså heilt feil at det er ei elevbedrift som starta Malakoff, for eg har i alle fall aldri vore med i ei elevbedrift, seier Anne-Joril og ler.

Ho var med som arrangør og bookingansvarleg til 2008, då gav ho seg.

– Ottar tok indirekte tilbake bookingansvaret, fordi han jobba i eit bookingbyrå i Oslo. Så han er framleis med og arbeider tett saman med festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal.

Ein Malakoff-følelse

Sidan oppstart har publikumstalet stige kraftig, men stigningskurva har gått jamt oppover.

– Det er heilt fantastisk å sjå korleis det har utvikla seg. Folka som arbeider med festivalen er utruleg flinke. Ikkje minst dei frivillige, som stiller opp år etter år. Det har vore heilt uvurderleg frå start, fortel Haugland.

I fjor var det 22.000 som besøkte festivalen. Det var rekordmange. Malakoff-festivalen har blitt så stor at dei har utvida maksgrensa fleire gongar.

– Vi ligg gledeleg godt an med billettsalet i år, og per dags dato er vi på same nivå som vi var i fjor. Vi er allereie utseld for teltplassar, og det er sterkt avgrensa med andre billettar att, opplyser festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal.

Om festivalen blir heilt utseld i år også, er vanskeleg å spå. Men Naustdal trur ikkje at vêret blir ein stoppar.

– I fjor hadde vi dårlege vêrmeldingar, men det vart strålande likevel. Eg har ein Malakoff-følelse på at det skal ordne seg. Om det kjem ein drope eller to, så er nok ikkje det ein stemningsdempar. Eg har slutta å uroe meg for denne festivalen, seier Naustdal optimistisk.

No før festivalen, er Anne-Joril, som bur i Oslo, tilbake i bygda og klar for den 13. utgåva av Malakoff.

– Eg kjem sjølvsagt tilbake til Nordfjordeid på Malakoff kvar einaste sommar. Det er ein viktig del av meg og livet mitt.

Skal du på Malakoff i helga? Tagg bildene dine med #Firdafestival

Kommentarer til denne saken