Festivaldeltakarar kastar fullt brukande telt, soveposar og stolar

Ressurskrevande: Arrangørane av Malakoff brukar mykje ressursar på søppelhandtering i samband med festivalen, opplyser campsjef Sveinun Mæland Pile. Arkivfoto.

Ressurskrevande: Arrangørane av Malakoff brukar mykje ressursar på søppelhandtering i samband med festivalen, opplyser campsjef Sveinun Mæland Pile. Arkivfoto. Foto:

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Kvar sommar kastar festivaldeltakarar store mengder fullt brukbart campingutstyr når festivalen er slutt. 

DEL

20.–22. juli strøymer over 20.000 festivaldeltakarar til Nordfjordeid for å vere med på Malakoff Rockfestival. Rundt 5000 av desse skal bu på camp på festivalområdet, og 1000 telt blir sett opp. Mange av desse blir aldri tatt med heim igjen.

Campsjef Sveinung Mæland Pile seier store mengder avfall blir lagt igjen, tilsvarande nesten to store søppelkonteinarar.

Mykje billigprodukt

– Det er vanskeleg å seie akkurat kor mykje, men eg reknar med rundt 10–20 kubikk. Det er mykje avfall, der er jo 5000 personar som legg igjen forskjellig. Mykje av dette er bruktbart, og ein stor del av campingutstyret er heilt fint.

Fullt brukande stolar, soveposar og telt er noko av det som blir lagt att. Pile meiner billigkjedene har noko av skulda.

– Det er mykje billigprodukt som er kjøpt frå ymse kjeder, og det er eit problem. Butikkane ser at dei kan tene pengar på dette og reklamerer tungt for billig festivalutstyr, noko som fører til lite gjenbruk. Vi ser baksida av medaljen. For oss er det eit problem, og vi bruker mykje ressursar på søppelhandtering.

Teste andre system

No ser Malakoff på løysingar som blir stadig meir vanleg for større festivalar i Europa: Å la festivaldeltakarane kome til duk og dekt bord for å redusere dei enorme avfallsmengdene.

– Vi har tenkt på å teste ut andre system som ferdig oppsette telt og den typen ting som er gjenbruksvare. Store festivalar har økonomi til det, men sjølv om vi er ein relativt stor festival, vil det krevje mykje meir arbeid av organisasjonen vår. Det er ei vanskeleg problemstilling. Men vi ønskjer å redusere søppelmengda, det er heilt klart.

Annleis for fjellfestival

20.–23. juli blir Vinjerock arrangert i Jotunheimen, der over 4000 menneske skal opphalde seg i fjellheimen. Festivalen som har som mål å vere det mest berekraftige utearrangementet i landet, har ikkje eit stort problem med at folk legg igjen utstyr etter avreise. I motsetnad til mange andre festivalar er årsaka at utstyret er kostbart.

– Eg trur vi står i ei særstilling sidan festivalen ligg 1060 meter over havet. Det betyr at folk må ha med seg skikkeleg telt og utstyr, som gjer at dei er flinke til å ta med tinga sine ned igjen, seier festivalsjef Julie Forchhammer.

– Det står nesten ingenting att når festivalen er over. Men nokre set igjen campingstolar, både brukbare og øydelagde, og nokre legg att andre ting. Det kastar vi ein del av dessverre, fordi det er for mykje arbeid å ta vare på det eller gi vidare.

– Vi har for god råd

Miljøvernorganisasjonen Natur og Ungdom arbeider kvar sommar med avfallshandtering under mange av festivalane i landet. Ved fleire av dei, mellom anna Malakoff, er organisasjonen ansvarleg for å gi brukbart utstyr vidare til lokale aktørar som kan ha bruk for dei. Leiar Ingrid Skjoldvær meiner det er synd at folk vel å kaste fullt brukbart utstyr.

– Det er eit i-landsproblem at folk har så god råd at dei berre kan kaste frå seg utstyret sitt når dei har brukt det ein gong.

Positiv til utlån

Skjoldvær er svært positiv til å starte med utlånsordningar og meiner at slik situasjonen er no, er det butikk-kjedene som er syndebukkane.

– Det er først og fremst er butikk-kjedene sin feil når forbrukarane får tilbodet. Eg kan godt forstå kvifor det er forlokkande å kjøpe billig utstyr, viss du berre skal bruke det ein gong.

– Samtidig tenkjer eg at det er viktig at folk kjem seg ut. Festivalar er ein stad der veldig mange reiser på camping som ikkje gjer det til vanleg. Gjennom å ha ein type utlånsordning av turutstyr på festivalar, kan ein kanskje gjere det enklare for folk som ikkje nødvendigvis har bruk for å eige eit telt, seier Skjoldvær.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken