Vinden bles surt over festivalområdet, men kugutane Espen Rasmussen og Joar Tveit, som slo leir i går, naut natta på eigen, oppvarma saloon.
Meteorologiske institutt melder stigande temperatur opp mot 22 grader og opphald fram til laurdagskvelden. Då kjem byevêret som varar ut søndag.
– Vi har med stillongs og ullsokkar, så vi klarar oss nok, svarar Rasmussen.
Våt Moro
I Florø, under festivalen Våt Moro, vert det så klart fuktig – men ikkje berre i havet.
– Også der kan dei vente seg byer laurdag og søndag, men ikkje like mykje som i innlandet. Laurdag- og søndagsnatta kan dei gle seg over temperaturar som overskrid fredagens temperatur, dagtid; 14 grader.
– Vindforholda skulle vere ypparlege; det kjem ein sør-austleg bris fykande frå innlandet, seier meteorologen, som elles legg til eit håp om at vêret snur før hundedagane ...
Apropos dyr
Ingen ekte vill vest utan hest; oppblåsbare hestar måtte så klart parkerast ved døra, og i nattetimane såg dei sitt snitt til å stikke av.
- To av hestane sprang av garde, men no har vi klart å fange den eine att. Vi reiser på rekognosering seinare, etter ein klassisk cowboyfrukost finn vi kanskje den andre og. Joar-en steiker egg og bacon til oss, så no er forma stigande og stemninga god.