Festdeltakarar skal ha skote opp naudrakettar. Risikerer bøter

Det å sende opp naudrakettar utan grunn er alvorleg. Naudrakettar er sidestilt med eit MAYDAY-anrop over radio.

DEL

Klokka 23.37 fekk politiet melding om to raude naudbluss over Sogndal. Hovudredningssentralen vart umiddelbart varsla, men det viste seg fort at naudsignalet var falskt, fortel operasjonsleiar Eivind Hellesund ved politiets operasjonssentral i Bergen.

– Politiet kom til staden og byrja leite. Dei spora oppskytinga til eit bustadhus der det hadde vore ein fest. Der fann politiet ein udetonert naudbluss, så dei var ganske trygge på at naudblussa vart skotne opp av ein festdeltakar der. Dei fekk ein kraftig formaning, og så vil vi sjå på måndag om det blir politimeldt også, seier Hellesund.

Og det er ikkje heilt usannsynleg at dei gjer. For naudrakettar er sidestilt med eit MAYDAY-anrop over radio, og skal berre skytast opp dersom du er i naud. Det er eit lovbrot å skyte opp naudbluss på moro.

Kvart år registrerer Hovudrednignssentralen kring 100 observasjoar av naudrakettar. Dei færraste er reelle hendingar, skriv dei på sine nettsider. Men kvar og ein forpliktar Hovudredningssentralen til å handle som om nokon er i naud.

Viktige ressursar kan bli sett inn i søk, ressursar som dei kan ha behov for i andre aksjonar.

Difor kan ulovleg bruk føre til ein heftig bot eller i verste fall ein fengselsstraff på inntil seks månader, avhengig av kor store ressursar som har blitt sett inn i søket. Seinast i 2017 vart ein kaptein om bord på ein båt dømd til 18 dagar i fengsel for å ha sendt opp ein naudrakett utan grunn.

I tilfellet i Sogndal vart ikkje alle ressursar sett inn, men politipatruljen brukte lang tid på å finne dei som skaut opp raketten. Politiet byrja å leite klokka 23.37, og fann ikkje dei som hadde sendt opp naudraketten før klokka 01.30.

Artikkeltags