Klokka 23:39 torsdag kveld rykte politiet ut etter melding om ei valdshending på ein privat adresse i Sogndal.

– Det er uklart kva som er årsak til konflikten, men det skal ha vore fest på staden, seier operasjonsleiar Stine Mjelde ved Vest politidistrikt fredag morgon.

Minst tre personar i tjueåra skal ha vore involverte i hendinga, og alle var rusa på alkohol. Desse vart også sett til av ambulansepersonell på staden, opplyser Mjelde.

– Ein av dei involverte hadde fått knekt ei fortann.

Politiet snakka med dei involverte på staden. Kva som var rot til konflikten er førebels uklart. Ingen av dei involverte vart arresterte, men politiet har oppretta sak på hendinga.