Ferske teltturistar blir åtvara mot grilling og aggregat i forteltet

FERSKE TELTARAR: I år er det venta at mange nordmenn som skal feire sommaren i eige land, kanskje vel telt for første gong. Giftinformasjonen åtvarar om at det er livsfarleg å grille i forteltet. Foto: Gorm Kallestad / NTB Scanpix / NPK

FERSKE TELTARAR: I år er det venta at mange nordmenn som skal feire sommaren i eige land, kanskje vel telt for første gong. Giftinformasjonen åtvarar om at det er livsfarleg å grille i forteltet. Foto: Gorm Kallestad / NTB Scanpix / NPK Foto:

Av
DEL

Bruk av grill og gassapparat kan gi kolosforgifting. Giftekspertar ber uerfarne nordmenn ta forholdsreglar når dei blir freista av det enkle livet i telt i sommar.

Giftinformasjonen og Oslo universitetssjukehus fryktar fleire tilfelle av kolosforgifting til sommaren.

– I lys av koronasituasjonen så vil denne sommarsesongen truleg by på fleire uerfarne teltarar, båtfolk og camparar enn vanleg, seier overlege Merete Vevelstad ved avdeling for rettsmedisinske fag ved Universitetssjukehuset.

Det er særleg bruk av eingongsgrill til å grille eller som oppvarmingskjelde i telt og fortelt det blir åtvara mot på det sterkaste.

Straumaggregat

I tillegg til forgiftingar knytte til eingongsgrillar er det kvart år òg alvorlege skadar og dødsfall på grunn av feil bruk av aggregat og gassapparat eller feil på utstyret.

Giftekspertane seier at mange i dag bruker aggregat som blir drivne av diesel, bensin og gass der ein ikkje har straum.

– Ved bruk av slike apparat i små og dårleg ventilerte avlukke blir vi utsette for livstruande kolosforgifting, seier avdelingsdirektør Mari Tosterud i Giftinformasjonen.

Derfor er det viktig med god utlufting under bruk. Døme er hyttedusjar med gassvassvarmarar, bruk av straumaggregat i båtar med kabin eller i russebussar, eller i verste fall grilling i fortelt.

Indre kveling

– Kolos er ein snikande, fargelaus og giftig gass. Han oppstår ved ufullstendig forbrenning. Ein blir først trøytt, uopplagd og kan få hovudverk. Ein oppfattar ikkje sjølv nødvendigvis kva som er i ferd med å skje, før ein mister medvitet, seier Vevelstad.

Ein kan ikkje kjenne at ein pustar inn kolos, før ein byrjar å få symptom på forgifting.

Det som skjer når ein pustar inn kolos, karbonmonoksid (CO), er at gifta reagerer mykje lettare med blodet enn kva oksygenet gjer (O2). Det blokkerer dermed for evna blodet har til å transportere oksygen som kroppen må ha. – Det skjer ei indre kveling, åtvarar Vevelstad.

– Førstehjelp består i å straks dra den som er forgifta, ut i frisk luft, seier Trosterud.

Personen bør unngå å anstrengje seg, og viss det er nødvendig, må ein gi kunstig respirasjon. Ved moderate eller alvorlege symptom må lege bli kontakta så fort som mogleg, og det må givast behandling med oksygen. Alle gravide med symptom må leggjast inn på sjukehuset.


(©NPK)

Artikkeltags