Klokka 10:33 søndag morgon, melder Norled på sine heimesider at ei av ferjene er innstilt grunna tekniske problem.
Det er C-ruta, altså «M/F Stavanger», som er innstilt. Det er ikkje opplyst om kor lenge dette vil vare, anna at ferja «er innstilt inntil vidare».
For ganske nøyaktig ei veke sidan, vart same ferje, «M/F Stavanger», innstilt grunna tekniske problem. Den gongen var det ein programvarefeil som sette ferja ute av spel i fire dagar. Det er uvisst om det er same årsak denne gongen.

Les også
To av fire ferjer er ute av drift. Jens lurer på kvifor ein ikkje nyttar reserveferja like ved

Les også
Driftsstans og ventetid på Lavik-Oppedal: – Ferja er truleg ikkje i drift før i morgon

Les også