Torsdag morgon blei rute 1116 med avgang klokka 07.20 frå Askvoll, og retur klokka 07.45 frå Fure innstilt. Fjord1 meldte at det var tekniske problem på ferja.

Statens vegvesen melder at ferjestrekninga Fure-Askvoll-Gjervik på fylkesveg 5655 er stengd grunna tekniske problem. Ei mellombels løysing for sambandet er passasjerbåt, og passasjertrafikken skal gå som normalt.

Klokka 13.08 blir det meldt at ferja no går som normalt etter oppsette ruter.

Det vert også sett opp ein ekstra avgang frå Gjervik klokka 13.15.