Ferjefri E39, men ikkje Hordfast på prioriteringslista frå Fylkestinget i Vestland

Av

Etter ein lang debatt enda fylkestinget i Vestland fylkeskommune fleirtal for å sette ferjefri E39, men ikkje omgrepet Hordfast på prioriteringslista til Nasjonal transportplan (NTP).

DEL

«Fylkestinget støttar Nasjonal rassikringsgruppe sitt krav om at alle punkt med høg og middels rasfare må utbetrast. Rassikring av E16 og Vossebana mellom Bergen og Voss er ei hovudprioritering», skriv Vestland fylke etter møtet i fylkestinget.

På det første digitale fylkestinget i Vestland fylke, presenterte Aleksander Øren Heen (Sp) på vegner av Sp, Ap, KrF og Venstre, eit revidert framlegg til NTP-prioriteringar.

Dei fire partia gjekk bort på forslaget som dei saman med MDG og SV fekk fleirtal for i fylkesutvalet 30. april. Dei heldt framleis fast på K5-alternativet for ny E16, rassikring og bane til Voss som høgste prioritet. Men der ferjefri E39 ikkje var prioritert i førre runde, hadde Sp, Ap, KrF og Venstre no tatt brubygging inn på ønskelista.

«Ein ferjefri E39 mellom Sunnhordland og Bergen gir store samfunnsvinstar og auka verdiskaping i regionen og landsdelen, og kryssing av Langenuen må startast raskt», heitte det i det nye forslaget.

Fryktar for andre prosjekt

MDG og SV var lite nøgde med at partia gjekk bort frå den felles planen frå fylkesutvalet, og minte om at dei allereie var sikra eit fleirtal med den opphavlege planen. Desse partia saman med Raudt og FNB var òg dei einaste som la betydeleg vekt på natur og miljø.

– Det er på tide å setje klima og miljø som overordna premiss for det vi gjer, sa Natalia Golis (MDG), og sa samtidig at det var gitt eit latterleg lågt beløp til grøn skipsfart, 30 millionar frå klimasatsmidlar.

– Når vi har så stort etterslep og så store rassikringsutfordringar, kvifor tar vi inn eit prosjekt til 40 milliardar, sa Marte Hammer (SV), som meinte at å bygge bru over Langenuen i praksis er iverksetjing av heile Hordfastprosjektet. Ho frykta difor at mange saker på deira prioriteringsliste no står i fare fordi brubygging står som nummer to.

Frp og Høgre frykta omkamp om trase

Høgre og Frp meinte at formuleringa frå Sp, Ap, KrF og Venstre om ferjefri E39 mellom Sunnhordland og Bergen, og bru over Langenuen vil opne for debatt om ein indre trasé.

Fleire gonger under møtet utfordra dei samarbeidspartia om å skrive «Hordfast» inn i planen, og utfordra dei også til å gi eit klart svar på om dei ville gå for endring av trase.

– Kan de stadfeste at det er Hordfast de tenker på, spurde Sigbjørn Framnes, og lurte på om det i så fall lèt seg gjere å formulere om setninga.

– Vi vel å ikkje ta stilling til traseen. Stortinget skal avgjere om ein skal ta omkamp om trase, svara Øren Heen (Sp).

Både KrF og Ap har avkrefta at dei ønsker omkamp om trase.

Ingen fekk fleirtal

Verken samarbeidspartia Ap, Sp, V og KrF sitt framlegg om at ein raskt må starte arbeidet med kryssing av Langenuen, H og Frp sitt ønske om å prioritere heile Hordfast, eller dei andre partia sitt ønske om å ikkje prioritere prosjektet i det heile, fekk fleirtal.

«E39 (...) må prioriterast som hovudferdselsåre med tilstrekkeleg standard for å binde landsdelen saman, og for å styrke sambandet med Europa. Det må utarbeidast ein samla plan for utbygging av denne ferdselsåra. Fylkestinget beheld visjonen om ein ferjefri E39. Ein ferjefri E39 mellom Sunnhordland og Bergen gjev store samfunnsvinstar og auka verdiskaping i regionen og landsdelen» heiter det no.

Pilotfylke for elfly

Fylkestinget prioriterer òg vedlikehald av fylkesvegnettet, og viser elles til behov for rassikring og til utbetring av ei rekkje andre riksvegar og på Bergensbana. Dei ønsker òg å vere pilotfylke for elektrifisering innan luftfarten.

Fylkestinget viser òg til at E134 Seljestad-Røldal og Stad skipstunnel allereie er blitt prioritert av Stortinget og at desse prosjekta må starte opp i inneverande NTP-periode.

Vidare omtalar innspelet mellom anna byvekstavtale, strategi for klimagassutslepp og barna sin transportplan. Krav til høgfartsbreiband til alle og full dekning av 5G mobilnett for utvikling, tryggleik og beredskap i fylket er også med.

Alle fylka har frist til 14. mai med å levere ei prioritert liste over kva dei meiner bør med i NTP for åra 2022–2033.

Ferjefri E39, men ikkje Hordfast på prioriteringslista frå Fylkestinget i Vestland

Artikkeltags