Gå til sidens hovedinnhold

Mista kontrollen over ferja – forseinkingar på E39-samband

Artikkelen er over 4 år gammel

SAMFERDSLE: Det var i fleire timar redusert kapasitet på E39-ferjesambandet Lavik - Oppedal grunna tekniske problem med eine ferja.

– Det var under avgang frå Oppedal litt før klokka 11:00 i dag at det oppstod ein mekanisk feil på det vridbare propellsystemet på MF Bjørnefjord, seier Inge André Utåker som er regionsjef for ferjer i Norled.

Bjørnefjord er inne i sambandet som reserveferje for MF Oppedal.

Ifølge Utåker resulterte svikten i at mannskapet mista kontrollen over ferja som støytte i ferjekaien og kanskje i svaberget ved kaia.

Representantar frå Sjøfartsdirektoratet var tilfeldigvis om bord i samband med ein revisjon av ferja.

– Det var heldigvis ikkje skadar på sjølve skroget, og heller ikkje på ror- eller propellanlegg. Etter prøvekøyring kunne difor sette MF Bjørnefjord i drift att frå klokka 13:20, avsluttar Utåker.