Ferjesambandet Mannheller og Fodnes er no i drift igjen

INNSTILT: Ferjesambandet Mannheller-Fodnes er innstilt torsdag morgon.

INNSTILT: Ferjesambandet Mannheller-Fodnes er innstilt torsdag morgon. Foto:

Årsaka til at ferjesambandet har vore innstilt i fleire timar, var tekniske problem med ferja.

DEL

Kl. 06.11 opplyser Vegvesenet at ferjesambandet vil vere i drift igjen kl. 06.30 frå Fodnes og kl. 07.00 frå Mannheller.

Statens vegvesen melde på Twitter klokka 03.08 natt til torsdag at ferjesambandet Mannheller-Fodnes var innstilt.

Det blei sett inn ei reserveferje, men kl. 06.00 kunne ikkje Vegvesenet svare på kor lang tid det vil ta.

– Vi har ikkje gitt noko tidsperspektivet på kor tid reserveferja er på plass, seier Hanne Nordheim, trafikkoperatør i Statens vegvesen.

Artikkeltags