I går kveld fekk bilferja Eid motortrøbbel på veg frå Askvoll til Værlandet i Sogn og Fjordane.
Etter det Firda kjenner til fekk ferja vanskar med kjølinga til maskina, slik at maskina vart overoppheta og stansa.
For å få kontroll over situasjonen og unngå at ferja rak i land, vart ankeret kasta.
Dette skjedde kort tid før ferja var framme i Værlandet.
Ifølgje ein Firda-tipsar fekk ferja hjelp av redningsskøyta Halvdan Grieg, pluss at ei anna ferje vart teka ut av sitt samband for å gå til assistanse.
Men eit noko «uvanleg» hjelpemiddel vart nytta for å buksere Eid inn til ferjekaien i Værlandet...
Trudde knapt det han såg
– Eg skulle hente folk som kom med ferja, og stod på kaien og venta. Ferja kom sigande sakte over fjorden, før ho etter kvart stoppa opp og kasta anker, seier Brian Landøy (18).
Landøy fortel at etter litt om òg men kom ein kar med traktoren sin og drog ferja til land.
– Eg må seie det var ein veldig spesiell situasjon; der ein høvesvis liten traktor dreg ei stor bilferje i land. Eg trudde knapt mine eigne auge! Men det var artig å oppleve det! seier Brian Landøy til Firda frå ekspressbåten til Bergen, på veg til studiar i Vietnam.
I rute att frå i ettermiddag
– Vi set inn bilferga MF Sunnfjord med første avgang frå Askvoll klokka 17:00 i ettermiddag. Frå dette tidspunkt vil det vere normal drift i sambandet, seier operativ leiar Christine Hammersvik i Fjord1.
Fram til dess er det sett inn passasjerbåt på sambandet.
– Kor vanleg er det at Fjord1s ferjer legg til kai ved hjelp av ein traktor?
– Det er sjølvsagt høgst uvanleg, men det viktigaste var at vi fekk kontroll over situasjonen, og etter dei tilbakemeldingar eg har handterte mannskapet situasjonen på ein god måte slik at det aldri vart dramatisk.
– Kor ofte har Fjord1 tekniske problem med MF Eid?
– Det skjer særs sjeldan. Men trass i at vi legg vekt på å halde fartya våre i god stand vil det stundom kunne oppstå problem med motorar og andre mekaniske og tekniske innretningar, avsluttar Hammersvik.