Ferje ute av drift. Rekn med ventetid på Lavik – Oppedal

Opp til ein og ein halv time ventetid på Lavik.

DEL

Ferjesambandet Lavik-Oppedal på E39 melder om at ferje C i sambandet er innstilt.

Årsaka er tekniske problem på ei av ferjene.

Klokka 14.30 er det rundt ein time ventetid på ferjekaia på Lavik.

Så langt er det ikkje sagt noko tidspunkt for når ferja kan vere i drift igjen, men Vegtrafikksentralen vest melder at Norled tek sikte på at alle ferjer kjem i drift igjen i løpet av dagen.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken