Gå til sidens hovedinnhold

Ferje låg midtfjords med motorstopp på Lavik-Oppedal

Artikkelen er over 1 år gammel

Slepeaksjonen er no over.

Ferja «MF Stord» på Lavik-Oppedal-sambandet fekk motorstopp tysdag morgon. Det skjedde eit stykke frå kai.

Ferja «MF Oppedal» fekk slept den havarerte ferja ut på fjorden, så den ikkje skulle drive i land.

Etter å ha lessa av passasjerar, drog «MF Oppedal» ut igjen på fjorden for å slepe «MF Stord» inn til kai.

Ifølge Jens Friis låg «MF Stord» inntil kaia i Lavik klokka 13.25. Han bur slik at han har utsikt over kaia.

– Aksjonen varte frå ca. 10.30 og fram til no, seier han.

«MF Stavanger» har gått som normalt gjennom heile situasjonen.

Siste melding frå Vegtrafikksentralen vest er at både rute A og C er innstilt inntil vidare som følgjer av dei tekniske problema. B-ruta skal gå som normalt. Dette vert meldt klokka 13.00.

Frå klokka 13.30 skal rutene A og C gå som normalt igjen, fortel trafikkoperatør Jan Marøy i Statens vegvesen.

Les også

Jens såg ferje-redningsaksjonen: – Det kom mykje tjukk, svart røyk opp av pipa

Kommentarer til denne saken