Ferja Losna fekk tekniske problem – kom seg ikkje av flekken i timevis

Måtte sette inn reserveferje og få på plass teknikarar for å fikse ferja.

DEL

Ferjesambandet som går frå Rysjedalsvika – Rutledal – Krakhella var onsdag morgon heilt innstilt. I sjutida opplyste derimot Fjord1 at ruta ville gå som normalt mellom Rutledal og Krakhella, medan anløpet til Rysjedalsvika er innstilt.

Klokka 17.39 gjekk trafikken som normalt på sambandet att.

– Ferja Losna har tekniske problem og ligg ved kaia på Rysjedalsvika. Det er grunnen til at sambandet ikkje går innom der no. Vi ventar reperatørar i 12-tida og håpar å få ferja i gang igjen i løpet av eit par timar, sa regionleiar Tor Kristoffersen i Fjord1 onsdag føremiddag.

Losna kom seg då ikkje av flekken. For at ikkje heile ferjesambandet skulle innstillast, sette Fjord1 inn ei reserveferje som trafikkerte ruta frå Rutledal til Krakhella inntil vidare.

Tips Oss
MMS: FITIPS til 2005 EPOST: redaksjon@firda.no TLF: 57 83 33 33

Artikkeltags