Gå til sidens hovedinnhold

Femte dag utan positive koronaprøver

Søndag 14. februar analyserte Helse Førde 40 koronaprøver, ingen av dei gav utslag på viruset.

Dette er femte dagen på rad utan ein positiv koronatest analysert av Helse Førde.

Førre veke vart det analysert 1506 koronaprøver, der fem av dei viste seg å vere positive.

Dette er ikkje ei komplett liste over alle prøvesvar frå området til Helse Førde, men berre ei liste over dei prøvene som er analysert av dei.