Dei fleste av desse var personar som blei testa grunna symptom på sjukdom, melder Stad kommune i ei pressemelding.
I Selje blei 89 personar testa for koronaviruset. Blant desse var tilsette og barn i ein barnehage som blei sett i karantene som nærkontaktar onsdag, og omkring 40 personar med symptom på viruset.
Resultatet viser at fem vaksne og eitt barn i Selje barnehage har fått påvist koronasmitte. Alle skal ha utvikla symptom dei siste dagane. Samla skal dei ha rundt 40 nærkontaktar. Alle dei blir sett i karantene og testa laurdag.
Stad, først og fremst Nordfjordeid, har vore råka av eit større koronautbrot dei siste vekene.
Tysdag kom meldinga om at ein person som hadde testa seg ved Selje legekontor, hadde fått positivt prøvesvar. Den smitta hadde 15 til 20 nærkontaktar som blei sett i karantene, og ei omfattande smittesporing blei sett i gang. Fabrikken Pelagia Selje måtte stenge ned.
Smittesporinga viser ei sannsynleg kopling til smitteutbrotet på Nordfjordeid, sa ordførar Alfred Bjørlo til Firda torsdag.
Fredag kveld blei nye 168 personar testa på Nordfjordeid, medan 148 personar blei testa i Selje. Kommunen ventar å få prøvesvara i løpet av helga.