Gå til sidens hovedinnhold

Fem positive etter utbrotet på Meat Point

Sogndal kommune har fått melding om fem positive PCR-testar som blei tekne i går i samband med utbrotet på Meat Point i Sogndal sentrum. Smittesporing er starta og blir truleg gjennomført i løpet av ettermiddagen. Kommunen kjem ikkje med ytterlegare opplysningar til pressa før smittesporing er gjennomført, skriv dei på sine nettsider

Totalt 140 personar blei testa ved Sogndal legesenter onsdag. Alle som var på utestaden laurdag 17. juli blir oppmoda om å teste seg snarast viss dei ikkje allereie har gjort det.

Les også

Sende prøvar med ekstratransport til Førde: – Då vinn vi seks timar

Les også

To smitta på Meat Point: – No er det stor fare for eit stort koronautbrot i Sogndal

Kommentarer til denne saken