Gå til sidens hovedinnhold

Fem nye smitta

250 prøver vart analyserte torsdag.

Helse Førde analyserte 250 koronaprøver torsdag. Fem av dei viste seg å vere positive for viruset.

Dei positive prøvene er tekne i Høyanger og Kinn kommune, men det er ikkje opplyst kor mange som er tilknytt kvar kommune.

Tidlegare har det blitt avdekt tre nye smittetilfelle blant dei 805 prøvene som har blitt analysert.

Det er ingen pasientar med korona som er innlagd ved sjukehuset.

Dette er ikkje ei komplett liste frå prøvesvar i området til Helse Førde, men resultatet frå dei prøvene som helseføretaket sjølv analyserer.