Gå til sidens hovedinnhold

404 - File Not Found

[]

Fem nye smitta tysdag

I Stad fekk fem nye påvist koronasmitte i går, tysdag.

Firda melde tysdag at rundt 200 personar var sett i karantene i Stad kommune. Dei var i hovudsak knytt til skuleklassar ved Nordfjordeid skule, niande trinn ved Eid ungdomsskule, ei barnehageavdeling og vaksenopplæringa.

Måndag blei nærare 170 personar testa. Svaret på prøvane viser at fem nye personar er smitta. Det skriv Stad kommune i ei pressemelding.

Tre born og lærar

No er altså totalt 19 personar smitta i utbrotet. 17 av desse held til i Stad, medan ein person er busett i Volda og ein i Stryn.

I ei klasse på sjette trinn er det påvist overføring av smitte til tre andre born og til ein lærar. I tillegg har ein person som testa seg på måndag på grunn av symptom, fått påvist Covid-19-smitte.

Uviss start

Utgangspunktet for utbrotet er framleis ukjend. Men alle dei påviste smittetilfella har ei kopling til kvarandre.

Helse Førde opplyser på sine heimesider at dei analyserte 523 koronaprøvar måndag. Fem var positive. Alle dei fem er knytt til Stad kommune.

Kommentarer til denne saken