Gå til sidens hovedinnhold

Fem nye smitta med korona

Onsdag analyserte laboratoriet ved Førde sentralsjukehus 366 koronaprøver.

Fem av desse prøvene gav utslag for covid-19. Dei positive prøvene er tekne i Kinn og i Stad kommune.

Det er per no ingen innlagde pasientar ved sjukehusa med stadfesta koronasmitte.

Kommunen for prøvetaking er ikkje alltid kommunen der pasienten bur eller har folkeregistrert adresse.