Gå til sidens hovedinnhold

Fem nye koronatilfelle

Tysdag analyserte Helse Førde 230 koronaprøver.

Av desse var det fem som gav utslag på viruset, melder helseføretaket på sine sider.

Prøvene er tekne i Kinn og Lærdal kommunar, men Helse Førde gjer merksam på at kommunen for prøvetaking ikkje nødvendigvis er kommunen der pasienten bur eller har folkeregistrert adresse.

1219 nye koronasmitta siste døgn

Det siste døgnet er det registrert 1219 koronasmitta i Noreg. Det er 485 færre enn same dag førre veke, skriv NPK.

Dei siste sju dagane er det i snitt registrert 1186 koronasmitta per dag.

Tilsvarande snitt for sju dagar sidan låg på 1428, så trenden er fallande.

Tysdag var 105 koronapasientar innlagde på sjukehus. Det var 22 færre enn dagen før.

37 av pasientane ligg på intensivavdeling, og blant dei er 19 på respirator. Det er to færre på intensiv og éin færre på respirator enn dagen før, ifølge Helsedirektoratets oversikt.

Har utført 7,4 millionar koronatestar

Ved midnatt natt til onsdag var det utført 7,4 millionar koronatestar her i landet sidan februar i fjor.

I alt har 178.481 personar testa positivt.

Til no har 3.979.353 personar fått første dose av koronavaksinen, og 3.473.336 personar har fått andre dose.

Til saman er 829 koronasmitta personar døde i Noreg sidan mars 2020, viser førebelse tal. Om pasientane har døydd av eller med covid-19, er ikkje alltid mogleg å slå fast.

58,5 prosent av alle døde har fylt 80 år. I aldersgruppa under 50 år er det meldt om 19 dødsfall i Noreg.

(©NPK)