Gå til sidens hovedinnhold

Fem nye har fått påvist korona i Bergen. Oslo og Vestland har flest smitta

Artikkelen er over 1 år gammel

56 nordmenn er påvist smitta av koronaviruset i Norge. Flest er smitta i Oslo og Vestland fylke, opplyser NRK. Helsedirektør er bekymra for at offentlege instansar skal gå tom for smittevernutstyr.

Bergen kommune opplyser i ei pressemelding til NRK Vestland at det er fem nye tilfelle av korona-smitta i Bergen. Norge ligg no i europatoppen på tal smitta, og har fleire smitta enn i nabolanda Sverige og Danmark, melder NRK i ei pågåande pressekonferanse om det nye koronaviruset.

Alle dei fem nye tilfella som er påvist i Bergen har relasjon til Nord-Italia, og smittevegen er kjend. No er det til saman 20 tilfelle av smitte i Bergen.

Redd for å mangle smittevernutstyr

I pressekonferansen uttrykker helsedirektør Bjørn Guldvog i Helsedirektoratet bekymring for at offentlege instansar skal gå tomme for smittevernutstyr, og seier han er glad for at kleskjeda Janus i Bergen har meldt at dei at dei kan hjelpe med å produsere munnbind i store mengder.

Han fortel også at dei stadig får meldingar om at folk ikkje overheld reglane for karantene, og vil understreke kor alvorleg det er at folk bryt karantena for å til dømes gå på butikken. Det gjev ei auka risiko for større spreiing i befolkninga.

Sjølv om ein ikkje er sjuk er ein i karantene grunna at ein likevel kan bere smitte.

Vurderer å stenge for visse flyavgangar

Det kan bli aktuelt å vurdere om ein skal stenge for visse flyavgangar frå land med høg smitterisiko, opplyser Guldvog.

Les også

Studie: Koronaviruset har mutert til ein aggressiv variant

Les også

Sterk auke i talet på koronasmitta – 23 nye tilfelle onsdag

Kommentarer til denne saken