Gå til sidens hovedinnhold

Fem nye har fått korona i Stad kommune

Stad kommune fekk nye prøvesvar måndag kveld, og utbrotet er stadig ikkje over.

(FIRDAPOSTEN) Prøvesvar måndag kveld viser at fire vaksne personar i Selje har fått påvist smitte med covid-19. Alle desse er nærkontaktar innanfor familiar med tidlegare smitta, og alle var i karantene. Ein av dei fire har testa positivt på hurtigtest og vil ikkje vere med i tala frå Helse Førde før svar på PCR-test også er klart tysdag kveld.

Det skriv Stad-ordførar Alfred Bjørlo (V) i ei pressemelding måndag kveld.

Same kvelden viser også prøvesvar at ein vaksen person på Nordfjordeid har fått påvist smitte. Denne personen er nærkontakt i same husstand som ein tidlegare smitta.

- Personen var difor i karantene og smitteveg er kjent, seier Bjørlo.

Til saman er det måndag påvist fem nye smittetilfelle i Stad. Alle dei smitta er nærkontaktar til tidlegare smitta og var i karantene.

Alle som fekk påvist smitte måndag kveld var i karantene og har kjent smitteveg.

- Dette talar for at ein er på veg mot å få ytterlegare kontroll på utbrotet. Prøvesvar dei komande dagane vil avklare dette, avsluttar ordføraren.

Kommentarer til denne saken