– Det har vore verdas beste jobb å vere tillitsvald i ein så god organisasjon, og for ein slik gjeng med fantastiske bønder som vi har i Vestland. Men eg trur det er sunt for Vestland Bondelag å få ny leiar. Eg ønsker ikkje å bli ein del av inventaret.
Det fortel Anders Felde i ei pressemelding fredag.
I 2015 vart han vald til leiar i Sogn og Fjordane Bondelag. Leiarvervet hadde han fram til 2020. Hausten 2020 vart Sogn og Fjordane Bondelag slått saman med Hordaland Bondelag. Felde vart då den første leiaren for Vestland Bondelag. Totalt har han vore leiar i åtte år.
– Det er rett for meg å gje stafettpinnen vidare no, seier Felde og strekar under at han på ingen måte er lei jobben, men at han meiner organisasjonen kan ha nytte av ein ny leiar som ser ting på ein anna måte.
Sjølv om Felde ikkje tek attval, lovar han å gje full gass fram til årsmøtet i mars.
– Eg skal stå på for fullt tida ut. Eg skal gje full gass for å betre rammevilkåra til bonden så lenge eg sit med leiarvervet.

Bondelagsleiar: – Dyrevernarane fekk lagt ned pelsdyrnæringa, no ser det ut til at det er svinebøndene dei vil til livs
Letta over tilbodet frå staten, men: – Framleis stor avstand
