Vegtrafikksentralen Vest melde klokka 15.14 at E39 Noreviktunnelen i Høyanger var stengt grunna bilberging.

Firda får informasjon frå Vegtrafikksentralen om at det er snakk om ein bil med campingvogn som har fått motorhavari. Bilen har komme seg inn i ei havarilomme, og farten har vore sett ned i tunnelen.

I forbindelse med berging av bilen og campingvogna vert tunnelen stengd. Dette kan bli gjort i fleire vender, då både bil og campingvogn må vekk.

Det er noko oljesøl på havaristaden, og Mesta er informerte og vil føreta strøing og opprydding av dette.

Klokka 15.31 vert det meldt at vegen er opna att for fri ferdsel.