Gå til sidens hovedinnhold

Fekk meldingar om røykutvikling i Førde

Det vart meldt om røykutvikling i Naustdalsvegen, melde 110 Vest tysdag ettermiddag.

Klokka 18:45 fekk 110-sentralen Vest melding om mykje røyk frå ein adresse i Førde sentrum.

Brannvesenet rykte ut til Naustdalsvegen 5 og det viste seg at det var problem med ein fyrkjele inne i bygget, opplyser Ronald Drotningsvik ved 110-sentralen Vest.

– Vi fekk meldingar om mykje røyk frå ein skorstein i Førde sentrum. Brannvesenet rykte ut til staden, men dei fekk fort avklart situasjonen, seier han.

Brannvesenet har no avslutta og returnert til stasjonen.

– Lukta bål

Det er vitne som har meld frå om røyken, tysdag kveld.

– Vi fekk ein god del meldingar om mykje røyk i sentrum, og at det lukta sterkt av bål, seier Drotningsvik.

Han legg til:

– Dei som eig bygget jobbar no med å få justere fyrkjelen, slik at den fungerer som den skal.

I samband med dette vil det utover kvelden kunne komme ein del røyk frå skorsteinen på bygget.

Kommentarer til denne saken