Gå til sidens hovedinnhold

Fekk melding om stor stein i Frudalstunnelen. Viste seg å vere ei bøtte

Ein stein har falle ned i Frudalstunnelen på riksveg 5 mellom Sogndal og Fjærland, melde Vegtrafikksentralen vest klokka 18.43 torsdag kveld.

Tunnelen var då stengd på grunn av dette og entreprenør var på veg.

Men då entreprenør kom fram til staden, viste det seg at det ikkje var snakk om ein stein i det heile tatt.

– Vi fekk melding frå ein bilist som meinte det låg ein stor stein inne i tunnelen. Den kom brått på og var ganske stor, melde bilisten, fortel vaktoperatør Oliver Hatland Iversen ved Vegtrafikksentralen vest.

I frykt for at nokon skulle bli skadde og at det skulle komme fleire steinar ned, stengde dei tunnelen.

– Men så viste det seg at det var ei plastbøtte av eit slag. Så tunnelen blei opna for fem minutt sidan, seier Iversen klokka 19.11.

Kommentarer til denne saken