Fekk melding om at tenåring var stukken i halsen med sprøyte

BRÅK: Politiet blei tilkalla natt til søndag etter at ein gut melde at han blei stukken i halsen med ei sprøyte.

BRÅK: Politiet blei tilkalla natt til søndag etter at ein gut melde at han blei stukken i halsen med ei sprøyte. Foto:

DEL

Rett over midnatt natt til søndag fekk politiet melding frå ein ung mann på Burger King i Førde.

– Han hevda at han hadde blitt stukken i halsen med ei sprøyte inne på Burger King, seier operasjonsleiar Åge Algrøy til Firda søndag morgon.

Politiet reiste ut til staden og fann personen som stod bak hendinga. Men det synte seg ganske raskt at det ikkje var ei ekte sprøyte, men ein penn som såg ut som ei sprøyte.

– Men for han som blei stukken, såg det ut som at den var ekte, fortel Algrøy.

Etter kvart skværa dei to tenåringsgutane opp.

– Dei var eigentleg venner. Det var visstnok meint som ein spøk, og ikkje meininga å skremme.

Gutane har skværa opp.

– Det blir ikkje oppretta sak, men det blir tilsnakk frå politiet, seier operasjonsleiaren.

Artikkeltags