Onsdag kveld melde 110-sentralen Vest at dei var på veg ut på Førdefjorden, for å ta kontroll på ein mindre fritidsbåt som skulle vere på rek om lag 100 meter frå Førde sentrum.

– Vi fekk melding klokka 20.23 om at ein liten 14–15 fots fritidsbåt med motoren nede ligg ute på Førdefjorden, sa Helge Lund, vaktkommandør i 110-sentralen Vest litt over klokka halv ni.

Då var brannvesenet i Førde på veg ut til båten for å sjekke om alt var ok.

– Det skal ikkje vere folk i båten no, men vi veit ikkje om det har vore det. Det er det vi skal sjekke, sa Lund.

Vest politidistrikt opplyste deretter at Hovudredningssentralen leiaa aksjonen og at både politiet og brannvesenet rykte ut med båt.

Så kom kontrameldinga frå 110-sentralen:

– Då brannvesenet kom ut til båten, fann dei ein fiskar om bord. Alt var ok, så aksjonen er avslutta.