Fekk ja til båtrute mellom Ålesund og Stadlandet

Av

Reiarlaget Cruise Service AS får løyve til å starte båtrute mellom Ålesund og Stadlandet.

DEL

Eit samrøystes samferdselsutval i Møre og Romsdal sa onsdag ja til søknaden om konsesjon til hurtigbåtruta, skriv Vikebladet Vestposten.

Planen til Cruise Service er at ruta skal kunne korrespondere med ein av dei to daglege avgangane til hurtigbåten mellom Selje og Bergen.

Reiarlaget trur den mest aktuelle staden å legge til på er Sandvika i Stad kommune. Då unngår ein sjølve havområdet Stad, som kan vere svært vêrutsett. Frå Sandvika tek det ti minutt med buss til Selje, der bergensbåten ligg.

Aktuelle stopp mellom Ålesund og Sandvika kan bli Mjølstadneset, Åram og Sandshamn, slik at turen vil ta om lag to timar. Båten frå Selje til Bergen tar fem timar.

Artikkeltags