Gå til sidens hovedinnhold

Fekk for lite speletid. No skiftar han klubb

Sixten Dalen Jensen stoppar på 71 kampar for Sogndal. No melder han overgang til nyopprykte Bryne.

Haugesundaren har signert ein avtale ut 2022. Det melder Sogndal på sine heimesider.

– Eg skulle sjølvsagt ønske at eg fekk meir speletid i fjor, men totalt sett har eg fått masse erfaring i OBOS-ligaen og er veldig nøgd med det. Eg vil takke Eirik og Terje for at dei gav meg sjansen, og vil takke alle trenarane og lagkameratane eg har hatt i Sogndal, som hjelpte meg til å bli ein betre spelar og person. Eg kjem til å sakne gjengen! seier Sixten til Sogndalfotball.no.

Avgjersla vart teke i fellesskap, etter at det vart mindre speletid i 2020-sesongen.

– Det er fint at Sixten får denne sjansen til å halde fram karrieren sin under trenar Jan Halvor Halvorsen i Bryne, seier Håvard Flo.

Haugesundaren kom til Sogndal som student i 2017, og gjorde seg så bemerka i Fjøra at han vart med Sogndal under oppkøyringa til 2018-sesongen. Han signerte rett før seriestart dette året.

No gir han seg i Sogndal, etter 71 kampar og fire mål.

– Tida i Sogndal har stort sett vore heilt fantastisk, seier Sixten. Eg har blitt utruleg glad i klubben, bygda og alle folka i og rundt klubben. Sogndal vil alltid ha ein plass i hjartet mitt, seier han.

Kommentarer til denne saken