Fekk du med deg desse lesarfavorittane? Sjå topplista

MYKJE LESNE: Benedicte som fortalte om korleis ho opplevde å bli slankeoperert, Caroline og familien som bygde sitt andre hus på tre år, jegertvilling Johanne som måtte reise langt for legehjelp under korona og Ingeborg og Arild sitt draumehus.

MYKJE LESNE: Benedicte som fortalte om korleis ho opplevde å bli slankeoperert, Caroline og familien som bygde sitt andre hus på tre år, jegertvilling Johanne som måtte reise langt for legehjelp under korona og Ingeborg og Arild sitt draumehus. Foto:

I 24 år kjempa Benedicte mot kiloa, før ho la seg under kniven. Gerry oppdaga at han delte hotell med dei som sat i koronakarantene, og Caroline bygde sitt andre hus på få år. Dette er av dei mest lesne sakene i 2020.

DEL

Blant sakene som blei publisert på firda.no i løpet av 2020, er det garantert noko du ikkje har fått med deg. Nokre saker viste lesarane større interesse for enn andre. Ikkje overraskande handlar fleire av sakene om korona, men det handlar om meir enn som så.

Dette er av dei mest lesne pluss-sakene på firda.no i 2020:

Nummer ein: Benedicte (24) som hadde kjempa mot kiloa heile livet, før ho la seg under kniven

24 år gammal valte Benedicte å bli slankeoperert. Med om lag 60 kilo mindre vekt på kroppen er det lettare å leve eit aktivt liv med 5 år gamle William.

– Mange tenker at operasjon er ei enkel løysing. Men det er berre eit verktøy på vegen. Det heiter slankeoperasjon, men eg vel å kalle det helseoperasjon. Dette er fordi eg har tatt operasjonen for ei betre helse, ikkje for å bli slank, seier ho mellom anna.

Nummer to: Gerry og sambuaren skulle nyte spahelg i Førde – på karantenehotell

Gerry Fjæren (40) fekk spaopphald i bursdagsgåve frå sambuaren og reiste til Førde i oktober. Då dei oppdaga kven som budde på hotellet fekk dei seg ei overrasking. Det var nemleg midt i koronautbrotet i Hyllestad og 60 personar sat i karantene i Førde.

Nummer tre: Caroline (26) som bygde draumehuset, før ho selde det og bygde nytt ved sidan av

For tre år sidan flytta ho inn i det nye huset sitt i Farsundsvegen på Sunde saman med sambuaren Geir Thomas Espe, sonen Olai (5) og bonusdottera Sara (12).

– Vi trivst veldig godt her eigentleg, men så var det eg då, som fekk skikkeleg sansen for byggeprosessen og ville gjere det igjen. Det er eigentleg berre det som er grunnen til at vi gjer dette. Det er nok berre galningar som meg som gjer slikt, seier Caroline Helle.

Nummer fire: Pikant-sjefen som sa opp jobben

12. juni opna Pikant i Førde dørene igjen, med nytt konsept og nye eigarar, etter å ha vore stengt ein periode. I februar blei det klart at Per Otto Huseklepp (39) skulle drive den nye versjonen av restauranten. I slutten av november kom meldinga om at han sa opp jobben:

Nummer fem: Hilde Kristin var på vennetur – så fekk ho og seks andre korona

14. mars, eit par dagar etter landet stengde ned, skreiv Firda om Hilde Kristin Aase frå Naustdal. Ho hadde ikkje vore i utlandet, men på skihelg på Hafjell med ein vennegjeng. Nokre dagar etter turen hadde sju fått påvist koronasmitte.

Nummer seks: Bomstasjonen som blei køyrt ned – og filma av bilen bak

Ein fredags morgon i oktober låg nemleg stolpane på bomstasjonen på Bruland i Førde bøygde, etter at ein sjåfør var uheldig og trefte dei då han skulle passere. I etterkant blei ein video av uhellet delt på nett. Det fekk ein Firda-tipsar til å reagere:

– Eg vart rett og slett forbanna. Det er heilt idiotisk å gjere, seier han om videoen.

– Sjølve uhellet er eit hendeleg uhell, og menneskeleg svikt kan skje alle. Men det eg reagerer på er at nokon ligg bak lenge og filmar det heile, seier tipsaren.

Nummer sju: Forbikøyring gjekk frykteleg gale

I midten av desember tok ein sjåfør ei forbikøyring som gjekk frykteleg gale.

– Akkurat då han hadde passert oss, hamna bakhjulet hans utfor vegbana. Så mista han kontrollen over bilen, og den meir eller mindre fauk gjennom lufta, fortalde sjåføren til Firda 13. desember.

Nummer åtte: Aksel (4) var endeleg kreftfri. Så kom meldinga familien frykta

Det skulle vere historia om korleis Aksel på fire år kjempa seg gjennom kreften. Om kor godt kvardagslivet kan vere og om det skjøre håpet. Så slo kreften tilbake, og dei vonde dagane stod for tur. I februar publiserte Firda saka om Aksel og familien. I august måtte familie og venner ta farvel med den tapre guten.

Nummer ni: Forfattaren som ikkje fekk seg mat

Stengt. Fullt. Tomme kjøkken. Tiggar i eige land. Skribenten fann få lyspunkt då han var på innom Vestlandet på Norges-ferie. Saka skapte stor debatt og fleire tok til orde for kor feil Torgrim Eggen tok.

Renate Rivedal og Sanne Slåtten er blant dei:

– Eg forstår godt at det blir vanskeleg å tenke på noko anna enn mat når ein er delirisk av svolt, skreiv sistnemnde.

I ettertid sa Eggen sjølv:

– Eg har fått eit og anna reisetips frå Sogn og Fjordane, ja. Så eg gler meg allereie til neste tur! Vel å merke viss eg slepp inn att i fylket.

Nummer ti: UP tok uvanleg mange råkøyrarar. Og dei hadde ein ting til felles

I haust har UP vinka inn ein heil haug med bilistar som har måtte punge ut. I akkurat denne kontrollen hadde mange av sjåførane ein ting til felles: Bergens-dialekt:

Nummer elleve: Jegertvilling med legetrøbbel

Då jegertvilling Johanne Thybo Hansen, som bur i Førde, skulle ha legehjelp vart ho møtt av ein regel ho ikkje hadde høyrt om.

– Eg vart så sint at det kom nokre tårer etter samtalen, sa 28-åringen til Firda i april.

Nummer tolv: Arild og Ingeborg som fann sitt perfekte hus for storfamilien

Då Arild Tistel og Ingeborg Flaten var på husjakt, var dei avhengige av god nok plass til familien på åtte. Til slutt fann dei draumehuset.

– Huset var eit blikkfang der oppe i lia. Eg likte det umiddelbart. Det skilte seg ut, sa Tistel til Firda i november.

Ikkje metta på godbitar frå arkivet enno? Då kan du sjekke ut kva som fall i smak hos lesarane til Firda i 2019:

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken