Gå til sidens hovedinnhold

Fekk 1712 underskrifter frå Framtidsførde . – Det markerer slutten på aksjonen

– Det kjennest som ei letting, seier Jens Evjensvold, som står bak aksjonen mot Førdepakken.

For abonnentar

Fredag morgon møtte han, Karl Vie og Kjartan Myklebust opp på Rådhuset i Førde og møtte Sunnfjord-ordførar Olve Grotle.

Der heldt Evjensvold appell før han overrekte bunken med underskrifter og eit brev til kommunestyret, til ordføraren.

Markerer slutten på Framtidsførde

Grotle takka for engasjementet og meiner det er fint at folk engasjerer seg. Verken han eller Evjensvold ville gå inn i nokon diskusjon om Førdepakken.

Grotle meinte det låg ein genuint god intensjon bak Framtidsførde sitt engasjement, og at aksjonen deira har sørga for mykje god debatt.

Til Firda seier Evjensvold at denne overrekkinga markerer ein slutt.

– Det passar godt å avslutte denne appellen vår som vi døypte Framtidsførde, som vi fann veldig dekkande for det vi meinte. Då fann vi dette høvet til å avslutte, seier Evjensvold.

– Dette er slutten på aksjonen?

– Ja, Framtidsførde som aksjon eller appell fortset ikkje, men kampen kan fortsette for fullt med demokratiske midlar, seier dei.

Kjem med tre bønner

– Kva håpar de på skal skje som følge av at de har levert dette til ordførar Olve Grotle?

– Om det blir som følge av det eller summen totalt: Vi håpar at kommunen skal fatte eit vedtak om utsetting på bilbrua over Jølstra, og at det kan ende med eit vedtak om gang- og sykkelbru. Og at dei omprioriterer rekkefølga til tiltak, slik at ein kan få andre tiltak påskunda og fått bygd tunnelen i fjellet mellom anna, seier dei.

I brevet dei leverte til Grotle, står:

«I kommunestyremøtet torsdag 10. desember skal de gjere eit planfagleg råd for val av alternativ for bilbru over Jølstra ved Førdehuset. Vi vil be dykk om å utsette denne avgjerda og få greidd ut gang- og sykkelbru som alternativ, frå Hafstadparken til Førdehuset.»

Deretter står skrive tre bøner til politikarane:

1. Bygg gang- og sykkelbru over Jølstra ved Førdehuset.

2. Stopp bygging av bilbru over Løken

3. Tunnel og parkeringshall i Hafstadfjellet bør utgreiast.

– Det har vore jamne drypp

– Er de seine med å komme med dette?

– Eg engasjerte meg i 2012 og 2013 då dette vart lagt ut på offentleg ettersyn, og hadde eit tresiders innlegg med ein del figurar som synte alternativ. Så eg har i grunnen vore engasjert sidan den tid. Då går det ikkje a å seie at ein har vore seint ute.

– Oddvar Etnestad var også svært ute tidleg ute, og sidan har det vore jamne drypp. Så påstanden om at vi er seine stemmer ikkje, seier Myklebust.

– Tiltaket på Løken er kome i gang, har de gitt opp å stoppe det?

– Håpet er der. Det kan vi ikkje gi opp, seier dei.

Karl Vie meiner det er pengar å spare på å kutte i investeringane i Fjellvegen.

– Vi meiner at vi ved å ruste opp Fjellvegen til høge summar sperrar for utvikling i sentrum Sør. Viss ein hadde vald vårt alternativ med tunnel frå Førde hotell til Hafstad, trur eg ein ville kome langt på veg om ein tok frå investeringane i fjellvegen og putta i tunnelen, seier han.

Neste kommunestyremøte er torsdag 10. desember. Olve Grotle skriv i etterkant av seansen til Firda på SMS at han reknar med at brevet blir sendt som eit skriv i saka om planfagleg råd til brua ved Førdehuset.

Les også

Oddvar gjekk ut mot Førdepakken allereie i 2008. – Flott at folk ser galskapen

Les også

Laksen eller kunstgrasbana? Kva seier du?

Les også

Professor fekk hakeslepp då han studerte Førdepakken

Les også

Kan truleg ikkje bygge meir i Hafstad bydel før bru er på plass

Kommentarer til denne saken