Feilinformasjon og ulovleg mineralråd

ALVORLEG: Vi tykkjer det er svært alvorleg når tilsette og politikarar tek seg til rette på tvers av lovverket og opprettar utval som i røynda er eit privat interesseutval, skriv  Åsmund Berthelsen, SV, (t.v.). og Páll Helgi Hannesson, Raudt (t.h.)

ALVORLEG: Vi tykkjer det er svært alvorleg når tilsette og politikarar tek seg til rette på tvers av lovverket og opprettar utval som i røynda er eit privat interesseutval, skriv Åsmund Berthelsen, SV, (t.v.). og Páll Helgi Hannesson, Raudt (t.h.) Foto:

Av
DEL

MeiningarI møte i Sunnfjord formannskap den 30. januar i år tok Raudt og SV opp sak om oppretting av mineralråd. I spørsmålet vi sende til ordføraren peika vi på direkte feilinformasjon til formannskapet om at fylkeskommunen hadde oppretta eit slikt råd. Og at oppnemning og organisering av rådet er ulovleg etter kommunelova.

Etter eige reglement er rådet eit fast utval etter paragraf 5–1 i kommunelova. Slike faste utval er det berre kommunestyre og fylkesting som kan velje. Korkje Askvoll kommunestyre, tidlegare Naustdal kommunestyre eller Sunnfjord kommunestyre har gjort det. Og heller ikkje fylkestinget i Sogn og Fjordane eller Vestland.

Sunnfjord formannskap har valt tidlegare fylkesordførar Jenny Følling som medlem i rådet, med bakgrunn i feilinformasjon om at fylkeskommunen hadde vedteke å opprette eit mineralråd. Fylkesutvalet i tidlegare Sogn og Fjordane fylkeskommune valde også medlem i rådet der det også er med representantar for Norsk mineralindustri, SINTEF og Bellona. Kven som har valt desse er det vanskeleg å finne opplysningar om, men dei er nemnt i eit brev frå tidlegare ordførar Håkon Myrvang til Sogn og Fjordane fylkeskommune. Sogn og Fjordane fylkeskommune løyvde 1,5 millionar kroner til rådet som altså er ulovleg oppnemnt og organisert. Midlane er utbetalt til Sunnfjord kommune, etter det vi kjenner til.

Med bakgrunn i det som står over, meiner Raudt og SV at Sunnfjord kommune må trekke attende sitt medlem i rådet og betale attende midlane som er utbetalt.

I formannskapsmøte den 30. januar måtte kommunalsjef og tidlegare rådmann i Naustdal, Øyvind Bang-Olsen vedgå at mineralrådet ikkje er lovleg oppnemnt og at det var å sjå på som eit interesseutval. Dette vert stadfesta av kommunedirektør Ole John Østenstad i brev til Åsmund Berthelsen av 10 2. 2020: « ... vurderer kommunedirektøren den noverande organiseringa av mineralrådet meir som eit interesseutval, slik som til dømes Interesseutvalet for Førde lufthamn og Interessegruppa for Rv 52/Rv5». Det gjer ikkje saka så mykje betre, for eit interesseutval må opprettast av eit politisk organ.

Med ordet «interesseutval» er vi er nær kjernen i saka. Tidlegare ordførar i Naustdal kommune, Håkon Myrvang og tidlegare fylkesordførar i Sogn og Fjordane fylkeskommune, Jenny Følling har lenge arbeidd for å få eit mineralråd på beina. Eit mineralråd som skulle arbeide for Nordic Mining/Rutile sitt prosjekt i Engebøfjellet i Vevring, med sjødeponi og dagbrot, og ikkje generelt for mineralindustri i fylket.

Dette vert understreka av at det i reglementet for mineralrådet vert vist til ein rapport frå SINTEF som berre handlar om Nordic Mining sitt Engebøprosjekt frå 2013. Og med tal arbeidsplassar som er teke heilt ut av lufta.

Sunnfjord kommune og Vestland fylkeskommune skal arbeide med å utvikle mineralindustri, men må ikkje knyte arbeidet til konkrete prosjekt, og særleg ikkje til prosjekt som er lite berekraftige og har marin forsøpling som resultat. Etter den strategiske næringsplanen for Sunnfjord kommune skal arbeidet for mineralindustrien vere aktørnøytralt, også i høve Engebø-fjellet.

Det avgjerande spørsmålet er kven som treng eit mineralråd? Er det politikarane som har behov for å delegere den politiske makta til ei lukka interessegruppe med handplukka medlemer, eller er det mineralindustrien? Mineralindustrien kan sjølvsagt opprette sin eiga interesse- og lobbygruppa, men ei slik gruppa skal ikkje på førehand få mandat til å forme mineralpolitikken for heile Vestland, og i tillegg krevje offentleg pengestøtte. Det er ikkje demokratisk.

Kommune og fylkeskommune må drøfte kva den mest fornuftige måten å gjere det på, og legge vekk sak om oppretting av mineralråd.

Vi tykkjer det er svært alvorleg når tilsette og politikarar tek seg til rette på tvers av lovverket og opprettar utval som i røynda er eit privat interesseutval.

Saka vil verte sendt over til kontrollutvalet i Sunnfjord kommune, og den vil verte teke opp i fylkestinget i Vestland med det fyrste.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags