Feil ved bremser og punkterte dekk. Statens vegvesen har hatt kontrollar

Statens vegvesen stod måndag fleire stader i fylket for å sjekke både store og små bilar.

DEL

På riksveg 5 ved Svarhumle mellom Førde og Florø hadde nokre av kontrollørane stilt seg opp. Her sjekka dei flest personbilar.

Dei fann feil, og kravde utbetring av manglar på tre køyretøy. Manglane var ikkje kritiske, men dei fann feil mellom anna ved bremser.

Dei sjekka også bruk av bilbelte og at føraren hadde alle dokument i orden. Og den kontrollen er vegvesenet nøgd med. Alle dei kontrollerte brukte bilbelte – og alle hadde alt av dokument i orden.

Ved Førde trafikkstasjon var det same dagen kontroll av tunge køyretøy. Då oppdaga kontrollørane oljelekkasje ved motoren på eitt av køyretøya. Bilen fekk køyre vidare, men må kontrollere motoren og dokumentere at alt er i orden.

Stoppa ikkje for kontroll

På E16 ved Håbakken var det også kontroll. Der vart ein vogntogsjåfør politimeld fordi han ikkje stoppa for skilta kontroll.

Og det var ikkje alt kontrollørane fann. Eit vogntog hadde eit punktert dekk på ein drivaksel, og hadde i tillegg gjenstandar i frontruta som hindra sikt. Dette ser Statens vegvesen alvorleg på, og vogntoget fekk ikkje køyre vidare før det hadde ordna opp i det som var gale.

Det gjorde heller ikkje eit vogntog som var overlasta.

Eit tredje vogntog fekk også køyreforbod. Årsaka til det var at det ikkje var god nok merking av køyretøy og gods.

Artikkeltags