Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
I kommentaren Firda-redaktøren har 01.02.23 så har han glatt og enkelt svelgt regjeringa sitt fremste argument for å ikkje gjere straumstøtta betre. Nemleg at dersom folk får frigjort meir kjøpekraft, så vil renta auke meir.

Det er ikkje ansvarleg politikk å gi oss billegare straum no
I følgje finansdepartementet sine eigne økonomar så vil ikkje det skje. Betre straumstøtte vil gje mindre inflasjon. Dette kjem fram i svaret frå finansministeren i eit spørsmål Kjell Ingolf Ropstad (KrF) stilte. (https://www.stortinget.no/no/Saker-og-publikasjoner/Sporsmal/Skriftlige-sporsmal-og-svar/Skriftlig-sporsmal/?qid=88786 ) Det viser til tal fra SSB og Finansdepartementet som peikar på det motsatte. Dagens straumstøtte viser seg nemleg å redusere prisveksten, og ei straumstøtte som fastpris på 50 øre vil redusere prisveksten ytterlegare.
Det er derfor god grunn til å lure på kvifor motstanden til regjeringa er så stor til å endre innretninga på støtta til både å bli betre og meir forståeleg. Eit argument kunne vore at å betale ein fastpris ville gje mindre insentiv til å spare straum. Men 50 øre er framleis dyrt til det straumen kosta for kort tid sidan.
Dessutan balanserer snart regjeringa på ein knivsegg for kva tid næringslivet begynner å permittere folk. For vert folk arbeidsledige fordi bedriftene slit, så er ikkje renteauken det største problemet vi har. Høg arbeidsløyse kombinert med høg inflasjon og dermed renteauke, er mykje farlegare. Det hastar derfor å finne ei ordning som fungerer for næringslivet. Og det ser ut til at dei fastprisavtalane som er regjeringa si løysing, ikkje har tillit hos dei som må ta ein sjanse på å binde prisen for fleire år.
Spørsmålet om kablar til utlandet og eige prisområde i Norge er gjerne meir innfløkt. Det er bra at regjeringa vil utgreie handlingsrommet, og samtidig ta omsyn til dei forpliktingar EØS-avtalen gjev. KrF meiner framleis EØS-avtalen er viktig for norsk næringsliv.
Dei økonomiske skilnadane aukar. Realiteten er at det er akkurat dette som gjer at endane ikkje lengre møtest. For fleire enn ein trur utgjer eit par tusen kroner ekstra i månaden svært stor skilnad. Derfor meiner KrF det er viktig å ha tiltak som er meir kraftfulle.
KrF sitt forslag til å straumpris-støtte er:
· At kunden skal ha 100% prisrefusjon på pris over 50 øre Kwh
· Sterkare satsing på ENØK-støtte til å gjere varige tiltak på privathus
· I tillegg har KrF sjølvsagt andre gode framlegg som er innretta mot dei med svakast økonomi. Td auka barnetrygd, Fritidskort, auka bustøtte, større ytingar til dei som står utanfor og ikkje har helse til å ta del i arbeidslivet, som uføretrygda og minstepensjoistar.

Gloppen Camping fekk fire gonger så høg straumrekning i desember: – Om det fortset slik er det kroken på døra
