Ting som går fort

Firda har møtt igjen Karoline Hegrenes 13 år etter vi intervjua henne som 7-åring i 1999.

Firda har møtt igjen Karoline Hegrenes 13 år etter vi intervjua henne som 7-åring i 1999. Foto:

Artikkelen er over 6 år gammel

ASKVOLL: Når Karoline Hegrenes (7) blir stor, har ho tenkt å bu i anten Amerika eller USA. Der vil ho helst gjere noko fort og farleg.

DEL

Dette intervjuet med Karoline Hegrenes vart gjort i 1999, og var del av ein serie barneintervju som vart presenterte i Firda med tittelen «Born i 99». Intervjua vart seinare gitt ut i boka «Månen er så liten som ein katt».

Firda har i 2012 møtt igjen seks av dei 39 borna som vart intervjua, og dei kommande laurdagane får du treffe igjen Fredrik Myrvang, Karoline Hegrenes, Lars Listau, Andrine Faleide, Aksel Bergstrøm og Ardona Mustafa.

KAROLINE: Sjå her! Eg har nett fått brev frå brevvenninna mi. Eller eigentleg var det brevvenninna til søstera mi Stine, men eg tok ho frå Stine. Så no er ho mi. Ho har sendt meg bilde av Backstreet Boys og Celine Dion!

FIRDA: Liker du dei?

KAROLINE: Nei, for det gjer alle. Eg liker ikkje ting som alle liker. Her er eit bilde av brevvenninna mi på ferie i Amerika, med rastafletter i håret. Men det hadde ikkje Stine og eg når vi var på Mallorca. Dei laga berre sånne knutar i håret vårt.

FIRDA: Kvifor vil du ha ei brevvenninne?

KAROLINE: Eg hatar ei tom postkasse. Og Stine får så masse brev. Difor skal ho gi meg nokre fleire av brevvennene sine - dei som ho ikkje vil ha lenger sjølv. Har mor mi fortalt deg at eg har skote med hagle med far min? Han går ganske mykje på jakt, og det skal eg også, for eg liker alle sånne ting som storebroren min likte. Han heitte Jørgen, og han likte masse ting då han levde.

FIRDA: Kva slags ting då?

KAROLINE: Han likte ting som går fort. Det gjer eg også. Skateboard, rulleskøyter, berg og dalbane... og bilar, mest Aston Martin. Mazda synst eg er så forferdeleg. Ford er betre, eller ein raud Ferarri. Eg snakkar masse om bilar med bamsane mine.

Når eg blir 16 år skal eg hoppe i fallskjerm. Den skal eg låne av far min. Når eg blir 18 år skal eg køyre motorsykkel. Og når eg blir 26, det er då eg tenkjer at eg skal bli magikar og sykkelpoliti.

FIRDA: Magikar og sykkelpoliti?

KAROLINE: Ja, eg skal vere sykkelpoliti om dagen og magikar om kvelden. Det finst ikkje så mange sykkelpoliti, men det er noko tøft. Eg kan vere det, for eg er nokså streng mot søstera mi.

Men eg skal reise til Amerika når eg gjer det. Eg liker det best, sjølv om eg ikkje har vore der. Det må bli anten Amerika eller USA.

FIRDA: Korleis veit du at dei plassane er så bra?

KAROLINE: Eg har sett Amerika på tv. Det er også der eg har sett nokre magiske avsløringar. Ein gong tok dei ein kniv inn i hjartet på ei dame, men så var det berre tull! Ein annan gong la dei ein magikar inn i ein bil. Så heiste dei ein kjempediger kloss opp med ein heisekran, og sleppte den ned på bilen. Trur du at magikaren døydde?

FIRDA: Sikkert ikkje, sidan han var magikar?

KAROLINE: Han døydde ikkje, for han smatt ut av eit hol bak i bilen. Etterpå byrja bilen å brenne.

FIRDA: Det høyrest farleg ut!

KAROLINE: Ja, men eg liker sånt! Broren min var også veldig modig - han prøvde alltid mange ting, sånn som å gå på tak, og å lage feller.

FIRDA: Hugsar du då han døydde?

KAROLINE: Nei. Eg hugsar berre at han var den aller snillaste på heile jorda. Så hugsar eg ikkje noko meir.

FIRDA: Snakkar de ofte om han heime?

KAROLINE: Akkurat no snakkar vi mest om vi kan bade. Og det vil eg nesten alltid. Eg vil bade, faktisk! Ein annan ting eg vil er å køyre fort i den oransje traktoren til besta. Eller på scooteren til tanta mi. Då eg såg den for første gong byrja eg å skrike, for eg var så misunneleg på henne! Veit du kva som er veldig slitsamt?

FIRDA: Nei?

KAROLINE: Å sitje stille lenge. Særleg utan musikk. Det er slitsamt, det!

FIRDA: Vil du gjere noko anna no?

KAROLINE: Ja!

Artikkeltags