Dei er amatørar, dei er profesjonelle. Dei er veteranar og tenåringar. Dei øver kvar for seg inst i fjordane og ytst mot havet. På Skei hotell møtest dei for symfonisk samklang.
Inngangsdøra på Skei hotell glir opp, og tonane rislar mot oss. Hotellet skjelv av vakker musikk. Sogn og Fjordane symfoni-orkester har øvingshelg.
Sjå video: Dovregubbens hall (videoen er filma under den første biten av innøvinga av musikkstykket, som skal framførast under jubileumskonsertane i mars).
– Vi sender ut notane, så sit folk og øver på holmar og nes rundt om i fylket, og to helgar i året samlast vi, og så er vi eit symfoniorkester, fortel Arvid Anthun, som er trompetist og styreleiar i orkesteret.
Nedlagt i 24 år
Denne helga øver dei til 10-årsjubileumskonserten, som skal vere i mars. Skjønt, dette med tiårsjubileum kan diskuterast. Det er orkesterets noverande form som skal feirast. Orkesteret hadde nemleg sin aller første konsert i 1976. Så var det i drift fram til 1980, men så låg det nede i 24 år.
– Ein heil Tornerose-søvn, faktisk, seier Anthun.
«Amatørane gir proffane
av sin entusiasme, som
dei kanskje har gløymt»
Arvid Anthun, profesjonell musikar
I 2003 tok han og Johan Bengtsson frå Førde initiativ til å restarte fenomenet. 15. mars 2004 hadde dei sin første konsert, og i mars i år feirar dei altså tiårsjubileum, med ein konsert i Førde, og ein på Sandane.
Sjå biletserie: Symfonisk samling
– Sidan vi er eit fylkesorkester, flyttar vi konsertane litt rundt i fylket frå år til år, seier Anthun.
14-åringar med
Sogn og Fjordane symfoniorkester (SOFORK) er eit amatørorkester. Her sit fjortenåringar og amatørmusikarar frå fjern og nær side om side med musikklærarar og profesjonelle musikarar.
– Vi gjer eit aktivt arbeid for å trekkje musikarane inn i så ung alder at dei får ein smak på dette før dei blir så gamle at dei flyttar ut av fylket. På den måten veit dei, når dei kjem i den alder at dei kanskje vurderer å flytte heim att, at «det finst jo og eit symfoniorkester eg kan spele i». Så dette er også litt distriktspolitikk, seier Arvid Anthun.
– Blandinga av musikarar på forskjellige nivå byr på utfordringar når repertoaret skal setjast opp:
– Det gjeld å finne musikkstykke som er slik at dei passar for flest mogleg. Når det er sagt, så gjer vi og ein jobb med å støtte dei unge og usikre på at «du spelar det du får til, og dei vanskelegaste løpa du ikkje greier å henge med på, klarar du kanskje neste år», seier Bengtsson.
Begynte seks år gamle
Tvillingane Ingrid og Marie Ose (14) frå Sandane er blant dei som har gått den skulen. Dei har spelt fløyte saman sidan dei var seks år, og i år er andre året dei er med på orkestersamling.
– Korleis er det, når de har sete heime og øvd på notane sidan før jul, å så komme her og brått vere ein del av eit heilt symfoniorkester?
– Har du øvd skikkeleg og kan stemma di, så tør du å spele med og trykke til litt, og då er det utruleg kjekt. Men har du ikkje øvd nok, så blir du veldig nervøs. Det er ikkje så kjekt, seier Ingrid.
– Har de øvd nok, no då?
– Ja, vi kan no det meste ganske bra. Det er nokre ting vi bør øve meir på, men det har gått ganske bra, ja.
– Er det første gongen de er med?
– Nei, vi var med i fjor og. Då spelte vi mykje større verk, mykje vanskelegare, og så var vi ikkje så gode då, som vi er no.
– Var det då du lærte det om å bli veldig nervøs viss ein ikkje kan stemma si godt nok?
– Ehhh, ja. Ja, det var vel det, smiler Ingrid.
Tilfører entusiasme
– Kongstanken i orkesteret har heile tida vore at vi skal integrere kvarandre sine nivå, seier Anthun.
– Dei profesjonelle skal heve amatørane med sin kunnskap og dugleik, og amatørane skal heve dei profesjonelle ved å tilføre sin entusiasme, som dei profesjonelle kanskje har gløymt gjennom åra.
På heimesidene til SOFORK står det at orkesteret ikkje har prøvespel, men fri påmelding. Det er ei sanning Anthun ynskjer å moderere litt:
Ventelister
– Altså, du må jo meistre eit instrument, og kunne øve inn stemmer på eiga hand, elles vil du nokså fort dette gjennom. Og heilt fri påmelding er det no heller ikkje, for det er veldig forskjellig kor god tilgang vi har på dei forskjellige instrumenta. På blåsarinstrumenta har vi aldri hatt problem med å fylle opp rekkene, og der har vi til tider hatt ventelister, men på strykarinstrumenta er det alltid plass til fleire.
Så bankar dirigent Helge Haukås på dirigentstativet, og så spelar dei. Og som dei spelar. Det er så ein blir stolt av at noko slikt finst i fylket vårt.