Hjartet stoppa i 16 minutt

Johannes og Magnhild Oppedal (t.h.) takkar sambygdingane for den raske reaksjonen då alarmen gjekk.

Johannes og Magnhild Oppedal (t.h.) takkar sambygdingane for den raske reaksjonen då alarmen gjekk. Foto:

Artikkelen er over 7 år gammel

Johannes takkar sambygdingar for livet.

DEL

I 16 minutt låg Johannes Oppedal livlaus med hjartestans før sambygdingar fekk hjartet hans til å slå igjen.

DET VAR NATT til 19. september i år at døden låg i bakhald:

– Eg hadde vore på besøk hos ein nabo og vart sittande og prate til rundt klokka ti. Då eg køyrde heim att, var det stjerneklårt og fint vêr, og eg hugsar at eg tenkte at no må eg køyre roleg, så eg ikkje kolliderer med hjort.

Det skulle bli det siste han hugsa dei neste fjorten dagane. Kona Magnhild fortel:

– Han kom heim, eg merka ikkje noko særskilt, og så gjekk han og la seg. Eg gjekk og la meg rundt tolvtida, og eg var nesten sovna då han begynte å lage lydar, omtrent som han slurpa vatn. Eg trudde kanskje han drøymde vondt, så eg prøvde å vekke han, men det var ikkje råd. Eg snudde han over på ryggen, og då såg eg at han var heilt blå i ansiktet.

No, Magnhild, no må du skunde deg, tenkte eg, no har du dårleg tid! Eg har ei tru på at det finst nokon der oppe, så eg bad til Gud om at han måtte hjelpe meg no. Så ringde eg son min, som bur rett ved her, men rakk ikkje å få med meg at han mista telefonen på golvet, eg berre la på og ringde 113. Dei sa at eg måtte starte med hjartekompresjon, og eg sa at det har eg ikkje greie på, eg greier det ikkje! Jau, det må du greie, sa dei.

Eg var vel akkurat kommen i gang med eitt eller anna, så kom son vår inn døra. Vi drog Johannes ut på gang-golvet, så vi skulle få fast underlag under han.

Det neste eg ser, der eg held på nedpå golvet, er nokre lange bein som skrid inn ytterdøra, det var akkurat som i ein science fiction-film.

DET VAR NABOEN, Sonja Oppedal Iversen. Ho bur 200 meter frå Johannes, er sjukepleiar og med i den frivillige hjartestartargruppa i Viksdalen.

– Eg fekk oppkall frå alarmsentralen om hjartestans, og så ringde eg tilbake og sa at eg kunne rykke ut. Då dei sa namnet på pasienten, kjende eg at det sokk i heile meg. Johannes! Eg kom meg i kleda på nokre sekund, kasta meg i bilen, sprang ned oppkøyrselen, og utanfor døra stoppa eg i to sekund og sa til meg sjølv: No, Sonja, no må du komme inn og vere roleg og trygg.

Så gjekk ho inn og gav seg med i arbeidet med hjartekompresjon. Ein sjukepleiar var på plass.

MINUTTA GJEKK, den eine etter den andre i hjartestartargruppa dukka opp. Nokre deltok i livredninga, andre gjekk rundt og fann landingsplass til helikopteret og sette på blinklys så dei skulle finne fram.

– Det er noko av fordelen med å ha ei gruppe som har vore med på nokre utrykkingar før. Er det berre uerfarne folk på staden, kan det fort bli til at ein må flytte bilar og rydde plass til at helikopteret kan lande. Det er dyrebare minutt for ein pasient som ligg med hjartestans, seier Terje Vallestad, som var med den dramatiske natta.

16 minutt etter at Magnhild ringde 113, steig Sjur Hage og Lars Egil Viken inn døra med hjartestartaren som Viksdalen Helselag har kjøpt inn. Dei kopla elektrodane på brystet til Johannes, og Lars Egil følgde instruksjonane maskina gav han.

«GI STØT», sa maskina, og Lars Egil Viken trykte på knappen. Den livlause kroppen gjorde eit rykk, Johannes drog pusten, og så begynte hjartet å slå.

– Då eg såg at han livna til att, ... det var eit slikt adrenalinkick at du vil ikkje tru det. Det bobla i heile kroppen, seier Lars Egil.

Nokre få minutt etter var helikopteret komme. Det var den einaste natta den veka det var vêr til å flyge. Sjukepleiarar bar Johannes inn i helikopteret, og han vart flogen til Haukeland. Johannes var redda.

Då han kom heim frå sjukehuset tre veker seinare, var det ein tanke som stod i hovudet på han: Å invitere hjartestartargruppa på kveldsmat, og takke dei for livet.

I DEN GAMLE SPERRESTOVA på Oppedal reiste han seg og kremta vekk ein stor klump i halsen:

– Eg vil takke kvar einaste ein av dykk for at de kom den kvelden. Hadde ein einaste lekk i den lekkja mangla, så hadde eg ikkje stått her i dag. Då hadde eg vore ein heilt annan plass. Eg stod med begge beina i grava, og de drog meg tilbake til livet. Takk skal de ha, sa Johannes Oppedal.

Og meir var det ikkje å seie.

Johannes Oppedal hadde for andre gong blitt redda. Frå før hadde han ei smertefull erfaring med å vere døden nær. For fire år sidan fekk han hjarteinfarkt og vart henta med helikopter og flogen til Haukeland.

– Det var ille. Det var som om eg hadde høgspent straum ståande på begge armane, og brystet var som det skulle bli klemt saman. Då vi nærma oss Bergen og eg såg lysa frå byen, kjende eg at kroppen heldt på å gje opp. Men også den gongen gjekk det bra.

HJARTESTARTAREN I VIKSDALEN vart kjøpt inn av Viksdalen Helselag i 2009. – Det finst tre hjartestartarar i Gaular, men den i Viksdalen er den einaste som er tilknytt ei vaktordning. Det nyttar lite å ha ein hjartestartar viss ein ikkje har ei gruppe menneske på vakt som veit korleis den skal brukast, seier Oddvin Nes i hjartestartargruppa.

Maskina er stasjonert ved brannbilen i Viksdalen. Ei gruppe på 15 frivillige har gått på kurs og lært å bruke den, og dei går med personsøkarar, så dei kan kallast ut om det trengst.

– Startarane er blitt stadig billigare og lettare å bruke. No kostar ein hjartestartar 18.000 kroner, fortel Sjur Hage. Han var ein av dei som kom med sjølve maskina den dramatiske natta.

Fire av medlemmene i gruppa er med i brannvesenet, og dei har teke ansvaret for å sjå etter at maskina fungerer.

– Vi testar han kvar fredag for å sjå at batteria fungerer, og så har vi ein avtale med kommunen om at dei betaler meldingstenesta. Det er ei god og billig forsikring for innbyggarane i bygda vår, om det skulle gå gale, seier Oddvin Nes.

– EG VIL GJE ALL ROS og ære til den lokale redningsgruppa, seier redningsmann Atle Lie, som var med helikopteret som henta Johannes Oppedal.

–I dette tilfellet fungerte alle ledda i det vi kallar «kjeda som reddar liv»: Tidleg varsling, tidleg hjarte-lungeredning (HLR), tidleg defibrillering (elektrosjokk) og tidleg transport til sjukehus, seier Atle Lie.

– Tidleg HLR med god kvalitet kjøper tid til hjartestartaren kjem på plass. Utan oksygentilførsel kan hjernen bli skadd etter berre tre til fem minutt, men ved god HLR får ein sirkulert oksygenrikt blod til hjernen. Brystkompresjonane er det viktigaste!

– I dette tilfellet var det jo nettopp tidleg defibrillering som gjorde dette til ei solskinshistorie. Det må vere moro å kunne hjelpe folk i nærmiljøet, slik hjartestartargruppa i Viksdalen gjorde denne kvelden. Det er ikkje så mykje som skal til, ein må berre vite kva ein skal gjere, og trene på det, seier den røynde redningsmannen.

– DET ER DEN NÆRE HJELPA som er skilnaden på liv og død ved hjartestans, stadfester Robert Brennersted, leiar for avdeling for akuttmedisin ved Helse Førde. – Mange av dei som fell om med hjartestans, kan reddast, men då må ein komme tidleg i gang.

– Det må vere ei viss organisering rundt ein hjartestartar. Det må vere nokon som har lært å bruke maskina, nokon som AMK kan varsle når dei får melding, påpeikar Brennersted.

– Det finst veldig mange forskjellige initiativ rundt om. Det kan vere organisert rundt eit idrettslag, ei velforeining, brannvesenet, kven det er, spelar lita rolle. Poenget er at det må finnast folk som har gått på kurs og kan bruke maskina. Det er ingen heksekunst, men ein må ha prøvd det og ha trent på det, seier Brennersted.

Han ønskjer likevel å understreke at ein hjartestartar kan redde liv, sjølv om ein ikkje har fått opplæring: - Alle som ringer AMK og varslar om hjartestans, vil få telefonrettleiing i førstehjelpa dei skal gje – også korleis dei brukar ein automatisk hjartestartar om ein slik er for handa.

Artikkeltags