Frå Jølster til Uganda

Av
Artikkelen er over 5 år gammel

Målet er motevisning i Afrika og dokumentarfilm. Sjå videoreportasje frå turen til Uganda.

DEL

På eit varmt hotell i Kampala møtest to medielærarar frå Sunnfjord og representantar frå ein jenteskule i Uganda.

Det er andre veka i desember. Dei diskuterer skulesamarbeid som inkluderer klesproduksjon og dokumentarfilm.

Batikk og film
Møtet i hovudstaden i Uganda er resultatet av eit langt forarbeid. Mo og Jølster vidaregåande avdeling Jølster har utfordra seg på å bygge internasjonale kontaktnett, slik at elevane på skulen kan få realisert fleire ambisiøse entreprenørskapsprosjekt i Afrika.

I samarbeid med Ungt Entreprenørskap og Junior Achievement Uganda, ein konsulent i Brussel og organisasjonen Vennskap Nord Sør, har elevar og lærar ved Mo og Jølster vgs. no jobba fram to internasjonale prosjekt, der begge har som mål å ta elevar med erfaring frå ungdomsbedrift på ei reise til Uganda.

I tillegg til å bygge vennskap og skulesamarbeid i Uganda, skal elevar på avdeling Jølster presentere ein kleskolleksjon dei har designa av batikk frå Uganda. Målet er motevising i ope afrikansk landskap.

For å dokumentere dette spennande samarbeidet vil elevar ved medielina vere med å filme vennskapsmøtet, som igjen skal bli ein dokumentarfilm frå to kontinent om entreprenørskap og internasjonalisering.

Siste brikka på plass
Den siste brikka i puslespelet var å få på plass ein vennskapsavtale med jenteskulen St. Theresa Girls’ S.S., noko som tok to av medielærarane på ei reise frå kalde nord til Uganda.

Etter eit kurs om samarbeid halde av Mohamed Komeja frå den norske organisasjonen Vennskap Nord Sør, sette dei utsende frå dei to skulane i gang arbeidet med å forme avtalen, som skal bli grunnsteinen for det varige samarbeidet mellom skulane.

Sjå videoreportasje frå turen til Uganda: Samarbeid mellom Jølster og Uganda

Videoreportasjen er laga av lærar Espen Bendiksen Nyttingnes ved Mo og Jølster vidaregåande skule.

Les meir om turen til Uganda i laurdagens utgåve av Firda som eavis.

Artikkeltags