500.000 raspeballar i året

Av
Artikkelen er over 7 år gammel

Fire personar lagar hundre tonn raspeballar for hand. I videoen over kan du sjå korleis produksjonen føregår, og få historia om korleis Signes Raspekaker AS har vakse fram.

DEL

I eit bygg på Øyrane i Førde lagar fire personar hundre tonn raspeballar i året. For hand!

Sjå video: Slik lagar dei 500.000 raspeballar

- Det går fem ballar per kilo, så då kan du gjere utrekninga sjølv, seier den smilande og kontinuerleg pratande Signe Nydal til Firda.

Og utrekninga seier at dei lagar 500.000 raspeballar for året.

Starta for 20 år sidan

Førde-kvinna starta firmaet Signes Raspekaker AS for om lag 20 år sidan, den gong som eit reint potetskrellingsføretak.

Etter nokre år med smalhans, bestemte ho seg for å starte med raspeballar for å auke omsetninga.

No er dei fire tilsette, inklusiv sonen Glenn Nydal Eliassen, som omtrent er fødd og oppvaksen i bedrifta. No driv 21-åringen og smakar på å ta over etter mor når den tid kjem.

Når stadig lengre ut

Signe og kompani har skapt seg eit levebrød på å tilby denne solide og kortreiste norske tradisjonsmaten.

Raspekakene til Signe vert no selde stadig lengre utanfor fylkesgrensa, i tillegg til på kafear og kantiner rundt omkring.

Utvidingsplanar har dei også; på sikt er planen å tilby heile vakuumpakka middagar med alt det føreskrivne tilbehøyret.

Artikkeltags