Onsdag morgon vakna ein til snøvêr mange stader i Sunnfjord. Jan Marøy, trafikkoperatør i Statens vegvesen seier at dei har fått inn nokre få klagar på dårleg føre.
– Vi har ikkje fått mange meldingar, men det har kome ein og annan klage, seier Marøy.
Vegane Statens vegvesen har fått melding om at er glatte er fylkesveg 57 i Dale, og riksveg 5 i Førde.
Trafikkoperatøren anbefaler folk om å ta det roleg på veg til jobb onsdag morgon.
– Brøytemannskap er ute, så det tar seg vel til etter kvart, seier han.
Dei har også fått meldingar om glatte vegar i Solund.
Når Firda snakka med Marøy klokka 7 hadde det ikkje skjedd nokon hendingar på vegane i Sunnfjord.